Bedrift
Samnanger kommuneSøknadsfrist
31.01.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5650, TYSSE
SAMNANGER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3380741Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
- Oppdatert 18.01.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Samnanger kommune
Helsesjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me har ledig vikariat som helsesjukepleiar i 55 % - 70 % stilling ved Samnanger helsetun sentralt i Samnanger, 40 minutter kjøring frå Bergen. Stillinga vil væra frå 8. februar 2021 til 3. oktober 2021 med mogliheit for fast stilling. Stillinga er organisatorisk plassert i eining Helse og einingsleiar vert næraste overordna. I eining Helse finn ein legekontor, helsestasjon, jordmor, psykolog og fysioterapi. Stillinga er plassert hovudsakleg i Skulehelsetenesta.
Arbeidsoppgåver:
- Kartlegging og oppfølging av helse, både psykisk og fysisk
- Oppfølging av vaksinasjon og smittevern
- Tverrfagleg samarbeid internt og dei ulike kommunale instansane
- Journalføring og dokumentasjon
- Skulehelseteneste jf. Nasjonale faglige retningslinjer for helsestasjon og skolehelsetjenesten
- Helsestasjon for ungdom
Kvalifikasjonar:
- Offentlig godkjendt helsesjukepleier, sjukepleiar med erfaring
- Oppdatert faglig kunnskap på fagområdet
- IKT kompetanse vil bli vektlagt
- Evne å arbeida målretta og sjølvstendig så vel som i team
- Politiattest må framleggjast
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeidsrelasjonar og evne til å motivera, systematisk og tydelg, arbeide sjølvstendig, snakke godt norsk og kunne formulere seg godt skriftleg
- Søkjarane vil verta vurderte i høve personlege eigenskapar og kva helsestasjonen treng
- Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen
- Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
- Disponera eigen bil
Me tilbyr:
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Tilsette blir meldt inn i KLP, og med offentleg tenestepensjon får dei ein av Norges beste pensjonsordningar. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Me ønsker eit arbeidsmiljø prega av mangfold, og at våre tilsette skal gjenspeigla befolkninga forøvrig. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søke jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Me gjer merksam på at søkjarlister til stillingar i kommunen er offentlege, jf. § 25 i offentleglova. Opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. I slike tilfelle vil søkjaren verta varsla på førehand, slik at han/ho har moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP sin pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap.
Bedrift
Samnanger kommuneSøknadsfrist
31.01.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5650, TYSSE
SAMNANGER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3380741Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
- Oppdatert 18.01.2021