Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
30.08.2020Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3070345Se her for andre jobber fra Giske Kommune
- Oppdatert 12.08.2020
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Giske Kommune
Helsesjukepleiar 100 % stilling - 40 % fast og 60 % engasjement
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Det er ledig 100 % stilling som helsesjukepleiar ved helsestasjonen frå 01.09.2020. 40 % er fast stilling og 60 % er engasjemenet frå 01.09.2020 og til 30.06.2021.
Giske kommune har fått tilskot til styrka tilbod til aldergruppene 0 - 5 år og 12 - 23 år. I kommunen er det oppretta eit psykisk helseteam for barn og unge. Helsesjukepleiar inngår i kommunens satsing på psykiske helsetenester og "Betre tverrfagleg innsats".
Helsestasjonen er organisert i eining barn, familie og helse saman med barnevern, PPT, helsetenesta, tenesta for psykisk helsearbeid, fysio- og ergoterapitenesta, legetenesta, flyktningtenesta og tildelingskontoret. Avdelingsleiar ved helsestasjonen er næraste overordna.
Helsestasjonen har til saman 15 tilsette. Det er lagt stor vekt på samarbeid med dei andre tenestane i kommunen.
Det er krav om politiattest av ny dato.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.
- Arbeidet består av førebyggande helsearbeid på helsestasjonen, i skulehelsetenesta og på helsestasjon for ungdom.
- Delta i utvikling av digitale løysingar som gjer tenestene tilgjengelege for målgruppa.
- Planlegging og gjennomføring av individuelle, gruppe- og familiebaserte tilbod.
- Tverrfagleg samarbeid.
- Utdanning som helsesjukepleiarmed god kompetanse på barn og unge.
- Vere oppteken av tidleg innsats og helsefremmande arbeid.
- God digital kompetanse.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Helst ha erfaring frå arbeid som helsesjukepleiar.
- Gjerne ha sertifisering i COS-P og ICDP
- Den som blir tilsett må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
- Gode samarbeidsevner.
- Ha god arbeidskapasitet.
- Fleksibel og løysingsorientert.
- Evne til å arbeide strukturert og målretta.
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team.
- Utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunele vilkår, og god pensjonsordning i KLP.
Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
30.08.2020Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3070345Se her for andre jobber fra Giske Kommune
- Oppdatert 12.08.2020