• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    22.01.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4943645
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 07.01.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Helsesekretær/medisinsk sekretær 50% vikariat Innan barn, unge og familietenester

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

Barn, unge og familietenester består av 4 helsestasjonar, skulehelseteneste på skulane i kommunen, helsestasjon for ungdom, helsestasjon for flyktningar, kommunepsykologar for barn og unge og ei ny avdeling som skal ha fokus på førebyggjande arbeid rundt familiar og vaksne som arbeidar med barn og unge.

I avdelingane arbeidar det ulike yrkesgrupper som helsesjukepleiarar, jordmødrer, helsesekretærar, familierettleiarar, ungdomslos, miljøarbeidarar, pedagogar og psykologar.

Det er no ledig 50% midlertidig stilling som helsesekretær/medisinsk sekretær, frå snarast.

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeid i resepsjon på helsestasjon
    • Ta ut rapporter frå journalsystem
    • Handsame post elektronisk og på papir
    • Journalarbeid
    • Bestille utstyr
    • Gje timeavtaler pr. telefon, SMS og brev
    • Avbestille/ombestille timer 

Kvalifikasjonar: 

  • Autorisert helsesekretær/medisinsk sekretær
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå arbeid  i helsestasjonstenesta
  • God kjennskap til journalsystemet Infodoc

Personlege eigenskapar:

  • Fleksibel
  • Strukturert
  • Gode samarbeidsevne
  • Sjølvstendig

Anna: Vikariatet varer i første omgang i 6 månader .

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

For nærare opplysningar om stillingane. Ta kontakt med:

Elisabeth Handal, leiande helsesjukepleiar, 55096877/97101024

Berit Algrøy, einingsleiar, telefon: 95208001

Søknadsfrist: 22. januar 2023

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    22.01.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4943645
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 07.01.2023