Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
28.08.2022Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Sogndal
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4700681Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 15.07.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Helsefagarbeidarar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sogndal helse og omsorgssenter er ein ny og moderne sjukeheim i sentrum av Sogndal. Sjukeheimen har ei langtidsavdeling og ei korttidsavdeling med 2 KAD plassar i avdeling. Sjukeheimen ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor både heimetenesta, dagsenter, omsorgsbustadar, legekontor, fysio-/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen
Om stillingane
Sogndal helse og omsorgssenter har ledig følgjande stillingar:
- 100% fast helsefagarbeidar, tredelt turnus med arbeid kvar 3.helg
- 2 x 85% vikariat som helsefagarbeidar, tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg i et år
- 2 stillingar på tilsaman 130% som helsefagarbeidar i turnus, med arbeid kvar 3. helg i et år
Vernepleiare eller andre med relevant utdanning innafor helse og omsorg vil verte vurdert for stillinga
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på sjukeheim
- Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar, sjukepleiar og behandlingsteam
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet
- Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer
- Rettleia og følgje opp elevar og lærlingar
- Med på prosjekt og gruppearbeid for å fremme fagkompetanse og kvalitet i pleie
- Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
- Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar med norsk autorisasjon
- Godkjent vernepleiar med norsk autorisasjon
- Erfaring eller vidareutdanning innan geriatri, rehabilitering, velferdsteknologi eller demens vil bli vektlagt
- Beherske norsk, skriftleg og munnleg
- Datakunnskap
Personlege eigenskapar:
- Løysingsfokusert
- Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt.
- Personlege eigenskapar vil verte vektlagde
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Godt fagleg miljø
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
28.08.2022Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Sogndal
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4700681Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 15.07.2022