• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    11.12.2021
  • Stillingsfunksjon
    Helsefagarbeidar
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4240900
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 26.11.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Helsefagarbeidarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sande omsorgssenter ligg sentralt i Sunnfjord kommune, ved E39 og ca 20 min frå Førde. Institusjonen har 40 sengeplassar fordelt på to avdelingar. Omsorgssenteret har 35 årsverk. Lærlingar, elevar og studentar er jamnleg innom for opplæring og bidreg til eit utviklande miljø.

Vi er opptatt av den gode dagen for dei som bur og arbeider her.

Har du lyst på eit arbeid som gir deg mykje glede, ansvar og faglege utfordringar? Då må du søke stilling ved Sande omsorgssenter.

Vi har ledig:
  • faste helgestillingar for helsefagarbeidarar. Stillingsstorleik er ca. 14%.

Arbeidstid er 2 delt turnus, med arbeidstid dag og kveld. Det er arbeid kvar 3. helg, men ein kan arbeide kvar 2. helg om ønskeleg.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene på dagens omsorgssenter er varierande, spennande og krev faglig dyktighet.

Som helsefagarbeidar har du ansvar for heilheitleg pleie, omsorg og behandling av pasientane.

Dette inneber å sikre dokumentasjon iht lovverk og interne rutinar, samarbeide med pasient, pårørande og medarbeidarar, veiledning og støttesamtalar, delta og legge til rette for aktivitet.

Krav til søkar:
  • autorisasjon som helsefagarbeidar eller sjukepleiestudent
  • gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • krav om godkjend politiattest av nyare dato 

Vi oppmodar andre med erfaring eller interesse for denne typen arbeid om å søke. Dei som ikkje har relevant utdanning vert tilsett i mellombels stilling. 

Vi søker deg som:
  • har ønske om og glede av å arbeide med menneske med ulike behov
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • evne til å arbeide i team like godt som sjølvstendig
  • er fleksibel, løysningsorientert og påliteleg
  • har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Vi kan tilby:
  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • pasientnært og fagleg fokus
  • varierte og spennande faglege utfordringar
  • god opplæring
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • sjukepleiarstudentar har eiga lønnsramme, med stigande lønn under studiet

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk.

 

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    11.12.2021
  • Stillingsfunksjon
    Helsefagarbeidar
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4240900
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 26.11.2021