Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vaksdal kommune

Helsefagarbeidar ved Ressurssenter

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Det er ledig fast stilling for helsefagarbeidar i 2. etasje ved Vaksdal sjukeheim/Ressurssenter for personar med demens.

Turnus har arbeid kvar 3. helg. Det er 50% fast stilling, kor om lag 20% er i turnus og 30% i timebank. Timebank krev at arbeidstakar er fleksibel og kan ta vakter på fleire avdelingar i helse dersom behov for å dekkje timane i timebank.

Om arbeidsstad

Avdelinga har 15 langtidsplassar for personar med demens. Du arbeider tett på pasientane og vert ein del av eit dyktig arbeidsteam. I teamet er det både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleiemedarbeidarar, der alle har brukarane i fokus.

Sjukeheimen ligg i vakre Vaksdalsbygda, med kort avstand til togstasjon. 
Det skjer mykje spanande utvikling på ressurssenteret, både innan demensfeltet og eldreomsorgen generelt. Du vil få moglegheita til å bli ein del av eit flott og aktivt fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette på heile huset.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av pasientar med alt frå stell til hjelp til daglege gjeremål
  • Medisinhandsaming
  • Medisinsk oppfølging ut frå kompetansenivå
  • Kontakt og samarbeid med pårørande

Krav til kompetanse:

  • Helsefagarbeidar
  • Ynskjeleg med erfaring frå arbeid med personar med demens
  • Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetjing

Vi oppfordrar fast tilsette som ynskjer stillingsauke om å søkje.

Personlege eigenskapar: 

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Likar å jobbe sjølvstendig i eit travelt miljø med varierte arbeidsoppgåver og å ta ansvar på vakter
  • Er god på samarbeid og ser arbeidsgruppa som eit team. Evnar å bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima mellom tilsette, pasientar og pårørande 
  • Påliteleg og stabil, samt løysingsorientert og positiv 
  • Generelt gode datakunnskapar
  • Evnar å sjå heilskapen mellom dei ulike avdelingane og arbeidet som vert gjort 
  • Vere trygg i deg sjølv og kunne takle endringar og uføreseielege hendingar 

  Personlege eigenskapar vert vektlagt, særskilt evne til å arbeide sjølvstendig og å vera fagleg trygg.     

Vaksdal kommune kan tilby

  • Me har godt arbeidsmiljø, dyktige folk i tenesta og gode ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving
  • Me gjev uteljing på lønn for relevant vidareutdanning
  • Hos oss får du faglege og personlege utfordringar, og du får moglegheit til å utvikle deg saman med oss
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk

Slik søkjer du
Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte. Har du ikkje søkt via EasyCruit i Vaksdal, må du opprette brukarnamn og passord.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-rådgjevar: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04