• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    12.10.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Helg
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4789923
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 29.09.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Helsefagarbeidar/sjukepleie-/vernepleiestudent - 20 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Det er ledig ei fast helgestilling på 20 % som helsefagarbeidar/sjukepleie-/vernepleiestudent frå 01.12.22. Personar med anna helsefagleg kompetanse kan bli vurdert til stillinga.

Stillinga inneber arbeid fredag, laurdag og sundag kvar 3. helg. Dersom ein berre ønskjer å jobbe laurdag og sundag, kan stillingsprosenten tilpassast. 

Om Alversund/Seim heimeteneste

Avdeling Alversund/Seim har base i Galteråsen i Isdal. I avdelinga arbeidar det sjukepleiarar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar og assistentar. Vi gjev tenester til brukarar i eigen heim i områda med postadressse Alversund og Seim. 

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Kvardagen hos oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Heimetenesta samarbeidar tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid. Siste åra har det vore ei stor satsing på velferdsteknologi og kvardagsmeistring. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. 

Kompetanse

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Sjukepleie-/vernepleiestudent
  • Førarkort klasse B er eit krav

Personar med anna helsefagleg kompetanse kan verte vurdert til stillinga.

Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:

  • trivst med å arbeide sjølvstendig
  • har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • er løysingsorientert og fleksibel
  • er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
  • har ønskje om å bruke faget til det beste for brukarane

Vi tilbyr

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Fagleg utvikling
  • Årsturnus
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    12.10.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Helg
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4789923
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 29.09.2022