• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    04.07.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3937651
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 24.06.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjaler kommune

Helsefagarbeidar og klar for nye utfordringar? Ledig 60 % fast stilling ved Fjaler sjukeheim

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Då er det kanskje deg vi ser etter. Vi er interessert i å gje gode tenester til dei som treng det mest. Deler du denne interessa og vil bli ein del av teamet vårt? Våre tenester vert no tilpassa ny organisering for å møte framtidas behov, og vi har spanande oppgåver til både nyutdanna og dei med lang erfaring. 

Vi har for tida ledig ei 60 % fast stilling som helsefagarbeidar ved Fjaler sjukeheim, ved langtid og skjerma eining. Som tilsett hos oss vil du ta del i 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg ut inneverande årsturnus. Frå ny årsturnus i mars 2022 kan turnus bli 3-delt med arbeid kvar 3. helg.  

Fjaler sjukeheim har totalt 36 plasser fordelt på 3 avdelingar. Av desse er 13 langtidsplasser, 8 plasser på skjerma eining og 15 plasser på korttid/rehabiliteringsavdeling. Tilsynslege er tilknytt sjukeheimen med legevisitt 2 dagar per veke. Vi har og tverrfagleg samarbeid med ergo-/fysioterapitenesta som ligg i same bygg.

Sjukeheimen har eige institusjonskjøkken, som lager mat etter kok/kjøl prinsippet. Vi har eige dagsenter for bebuarane våre, samt for heimebuande som kjem på dagopphald for sosialt samvær, aktivitet og måltid. Dagsenteret er bemanna med eigen aktivitør.

Det er nyleg oppretta ressursgrupper på tvers av einingane i kommunen innan ulike tema som rehabilitering, ernæring og diabetes, kreft, velferdsteknologi og demens. Dette for å få ytterlegare kompetanse innan dei ulike fagfelta.

Vi søkjer no etter deg som har interesse for å arbeide innan eldreomsorga, som er opptatt av fagutvikling og forbetringsarbeid, og som ynskjer å bidra til at våre bebuarar har eit godt liv her på sjukeheimen.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i det daglege arbeidet slik at tenestene sine arbeidsoppgåver vert utført på ein smidig og forsvarleg måte
  • Sikre at det vert utført fagleg forsvarlege tenester til den einskilde brukar
  • Medikamenthandtering
  • Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til eit godt samarbeid med dei andre einingane
  • Jobbe kunnskapsbasert
  • Jobbe for auka fagleg utvikling
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Vere ein god rollemodell

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert
  • Sjølvstendig, ansvarsbevisst, engasjert
  • God på kommunikasjon
  • Evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø
  • Engasjement for eldreomsorg
  • Gode samarbeidsevner
  • Godt humør
  • Fleksibel

Vi tilbyr

  • Introduksjonsprogram for nytilsette
  • Fadderordning
  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    04.07.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3937651
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 24.06.2021