• Bedrift
    Førde Kommune
  • Søknadsfrist
    20.10.2019
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2133538
  • Se her for andre jobber fra Førde Kommune
  • Oppdatert 02.10.2019
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Førde Kommune

Helsefagarbeidar/miljøarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om oss

Bu- og miljøtenesta yt døgnkontinuerlig tenester til personar med psykisk utviklingshemming og som elles treng langvarige og koordinerte tenester. Tenesta har 35 årsverk, fordelt på 55 tilsette. Desse har utdanning som vernepleiar, sjukepleiar, sosionom, barnevernspedagog, ergoterapeut, helsefagarbeidar og assistentar.

Dei tilsette er delt i 2 personalgrupper. Personalbasane er tett knytt opp til omsorgsbustader, men over halvparten av dei som tek i mot tenester frå oss bur andre stader i Førde.

Vi yt tverrfaglege tenester som inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som, hygiene, ernæring og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.

Vi har ledig:
  • 50 % vikariat som miljøarbeidar/helsefagarbeidar frå snarast og til og med 07.06.2020
Vi søker etter deg som:
  • er autorisert helsefagarbeidar
  • har evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert, tverrfagleg og i team
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er fleksibel, løysingsorentert og påliteleg
  • har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • har evne til å reflektere og stimulere til god etisk praksis
  • har førarkort klasse B

Om det ikkje er søkarar med relevant utdanning kan andre med erfaring og/eller interesse for denne type arbeid søke.

Vi ønsker oss søkarar som:
  • har erfaring frå liknande arbeid
  • har kjennskap til data. Vi nyttar fagprogrammet Gerica

Tilsetting i stillinga frå snarast eller etter avtale.

Politiattest av nyare dato må leverast før start i stilling. Attestar og vitnemål kan du ta med på eit eventuelt intervju.

Velkomen som søkar!

 

 

  • Bedrift
    Førde Kommune
  • Søknadsfrist
    20.10.2019
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2133538
  • Se her for andre jobber fra Førde Kommune
  • Oppdatert 02.10.2019