• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    13.10.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3188203
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 29.09.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Helsefagarbeidar i 100 % vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Det er ledig 100 % stilling i vikariat som helsefagarbeidar ved Nordgardstunet.

Avdelinga er eit bufellesskap for personar med demens. Vi legg vekt på god fagleg kompetanse, samarbeidsevner, interesse for miljøarbeid og demensomsorg. Det er og viktig med god evne til å  skapa eit triveleg miljø for pasientar, pårørande og medarbeidarar. 

Om Meland sjukeheim

Meland sjukeheim har denne visjonen: omsorg med livsglede og kompetanse

Våre verdiar er: Respekt - tillit - livsglede

Meland sjukeheim består av desse avdelingane:
- Kortidsavdeling - Solkroken
- Langtidsavdeling - Lerketunet/Nordgardstunet
- Dagsenter for eldre
- Institusjonskjøkken

Meland sjukeheim arbeider med å styrkje kvalitet på tenesta. Verkemiddel her er mellom anna arbeid med årsturnus og heiltidskultur. Vidare gjev arbeid med årsturnus høve til å påverka eigen ferie og fritid.

Arbeidsoppgåver

Som helsefagarbeidar er du ein viktig del av tilbodet som vert gitt i avdelinga du arbeider på. Du arbeider sjølvstendig og i samarbeid med andre for å gi heilskapleg omsorg og behandling. Samarbeid på tvers av avdelingar og faggrupper er avgjerande for at bebuarane skal få best mogleg behandling og pleie.

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Offentleg godkjend helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Erfaring og samarbeidsevner vert vektlagt.

Vi tilbyr

Løn etter gjeldande tariffavtale
Pensjonsordning gjennom KLP
Godt arbeidsmiljø
Fagleg stimulerande miljø med dyktige og engasjerte kollegaer

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    13.10.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3188203
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 29.09.2020