Vacancy

Sunnfjord kommune

Helsefagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du ha ein variert og fagleg spanande kvardag? 
Er du fleksibel, engasjert og trivst med å bygge gode relasjonar? Då vil vi gjerne ha deg med på laget!

Bemanningseininga i Sunnfjord kommune søkjer deg som er helsefagarbeidar og vil bruke kompetansen din på tvers av tenesteområda i omsorg. Bemanningseininga er ei eining i Sunnfjord kommune som skal formidle kompetanse og arbeidskraft ved kortare fråvær til ulike einingar i omsorg.

I Bemanningseininga får du jobbe med ulike menneske, i ulike einingar – frå institusjon og heimetenester til psykisk helse og bu- og miljøteneste. Her får du høve til fagleg utvikling, god opplæring og eit inkluderande arbeidsmiljø.

Vi har ledig : 
  • 2 x 100 % fast stilling for helsefagarbeidar
Vi kan tilby: 
  • tillegg på kr 20.000 per år for å jobbe i Bemanningseininga
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsoppgåver: 
  • dagleg omsorg og miljøarbeid til den enkelte 
  • fagleg arbeid med observasjon, tilrettelegging, motivering og gjennomføring av tiltak 
  • legemiddelhandtering 
  • sikre at gjeldande lovverk og vedtak blir følgde 
  • sikre journalføring
Krav til søkar:
  • fagbrev som helsefagarbeidar
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • godkjent politiattest
  • gode IKT kunnskapar
  • bør ha førarkort klasse B
Vi søker deg som: 
  • har eit ekte engasjement for å jobbe med menneske med ulike behov, og møter kvar enkelt med respekt og omsorg
  • trivst med å arbeide både sjølvstendig og i team
  • er ein god lagspelar som bidreg til eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø
  • er fleksibel, trygg og open for endringar
  • held deg fagleg oppdatert og er ein pådrivar for kvalitet og god etisk praksis