Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
05.08.2021Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3990894Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 22.07.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Helsefagarbeidar 60% fast, Straume bu og servicesenter
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Straume bu og servicesenter er eit unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ei flott personalgruppe som saman gjer sitt beste for at våre bebuarar skal få vere aktiv, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar og assistentar.
Senteret inneheld tre bufellesskap, ei dagavdeling og 28 omsorgsbustadar.
Det er no ledig ein fast 60 % stilling som helsefagarbeidar hos oss. Stillinga er i den delen som inneheld omsorgsbustader – servicedelen.
Arbeidsoppgåver:
Du må trivast saman med menneskjer og ønskje å yte ditt beste for å ivareta våre brukare. Dei vi skal hjelpa har ulike medisinske behov og du må kunne utføre varierte pleieoppgåver hos dei ulike brukarane. Vidare bidra til meiningsfylte aktiviteter både i og utanfor bustad.
- Stell og pleie i brukar sin heim
- Miljøarbeid
- Medikamenthandtering
- Samhandling med pårørande
- Ivareta brukars individuelle behov
- Dokumentering i fagjournal
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som helsefagarbeidar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Godkjent politiattest
Ønskjeleg med:
- erfaring frå arbeid i heimetenesta.
Eigenskapar:
- Du er engasjert og positiv
- Du har gode samarbeidsevner
- Er ein god teamarbeidar
- Kan jobbe sjølvstendig og er løysningsorientert
- Du er open for nye utfordringar
- Evner å takle stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø ved å framme det positive
Anna:
Deler av stillinga er knyt til timebank.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt: Avdelingsleiar Heidi Reisegg Endal 56 160440
Einingsleiar Trude Myklebust 482 22 316
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
05.08.2021Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3990894Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 22.07.2021