• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    04.10.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4776954
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 21.09.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Helsefagarbeidar - 50-100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi bemannar opp og har ledig 4 x 50 - 100 % faste stillingar som helsefagarbeidar frå 05.12.22. Avdelinga har årsturnus og ein jober ca 16 helger (i snitt kvar 3. helg) i løpet av året. 

Om Knarvik Sør Vest heimeteneste

Som medarbeidar hjå oss er du ein verdifull tilsett. Vi vonar du vil setja preg på, og vere med å utvikla tenestene til det beste fro brukarane.

Avdeling Knarvik Sør Vest har kontor i Knarvik. I avdelinga jobbar det sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Vi gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim sentralt i Knarvi. I tillegg er nattpatruljen organisert under Knarvik Sør Vest. Nattpatruljen dekker heile Alver kommune og har oppmøteplass i Knarvik, Frekhaug og Manger.

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Kvardagen hos oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Arbeidsoppgåvene til helsefagarbeidar består mellom anna i oppfølging av hygiene, ernæring og legemiddel hos brukar for å sikre best mogleg livskvalitet, samarbeide med pårørande, primærkontaktarbeid osv. Heimetenesta gjev hjelp etter vedtak, samstundes har helsepersonell ansvar for å fortløpande kartlegge endra funksjonsnivå og gje hjelp etter kvar enkelt brukar sitt behov. 

Heimetenesta samarbeidar tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid.

Heimetenesta er framtidsretta og har dei siste åra satsa på velferdsteknologi, mobilt vaktrom, mobil omsorg, digital vaktbok og andre digitale løysingar.

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Sertifikat klasse B
  • Gode norskkunskapar, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er

  • Effektiv
  • Sjølvstendig
  • Fagleg sterk
  • Glad i menneske
  • Positiv
  • Framtidsretta

Du taklar stress og høgt tempo, samt trivst med å ha ansvar og finne lette løysingar. Som helsefagarbeidar heldt du roen i uforutsatte/akutte situasjoner og klarer å prioritere. Du vert motivert av å jobbe med menneske og ønskjer å bruke faget til det beste for brukar. Blant kollegaer og brukarar er du ein humørspredar. Du ser nye måter å jobbe på, er villig til å gjere ting på ein anna måte og er positiv til digitale løysingar.

Vi tilbyr

  • Årsturnus
  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    04.10.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4776954
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 21.09.2022