• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    13.11.2021
  • Stillingsfunksjon
    Helsefagarbeidar
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4170731
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 21.10.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Helsefagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Har du lyst på ein jobb som gjev deg utfordringar, spenning og mykje gleder?

Heimetenestene på Sande i Sunnfjord yt hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime. Vi er opptekne av god kvalitet i tenestene våre og er stolte av arbeidsplassen vår. Vi ynskjer å vere ei levande teneste med eit framtidsretta fokus, der utvikling står i sentralt. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling. Tiltak innan demensomsorg og integrering av velferdsteknologiske løysingar er også nokre av fokusområda våre. 

Vi har ledig:


100 % fast stilling for helsefagarbeidar.

Stillinga har fortida 2- delt turnus med arbeid kvar 3. helg.

Den som vert tilsett skal:
  • ha ansvar for å utføre pleie- og omsorgsoppgåver i henhold til gjeldande vedtak
  • bidra til godt samarbeid med brukarar, pårørande og andre tenesteytarar
  • bidra til god ressursutnytting i avdelinga og tverrfagleg samarbeid
  • bidra til å sikre forsvarlege pleie- og omsorgstenester, og at oppgåver blir utførd i tråd med kvalitetskrav og lovverk
  • dokumentere i eininga sitt journalsystem,CosDoc, og bruke cosdoc+ som arbeidsverktøy
  • bidra aktivt til eit helsefremjande miljø
  • gje rettleiing til nye medarbeidarar, studentar og elevar
Krav til søkar: 
  • norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • du har førarkort klasse B
  • du må kunne kommunisere godt både skriftleg og munnleg
  • god IT-kunnskap
Du bør:
  • ha evna til å lytte og søke gode løysingar
  • vere målbevisst og engasjert
  • ha evne både til å jobbe sjølvstendig på oppdrag og i team
  • vere trygg på eigne avgjerder
  • vere strukturert, ansvarsbevisst og løysingsfokusert
  • vere fleksibel og likar utfordringar
Vi tilbyr: 
  • godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
  • ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre
  • inkluderande miljø
  • pasientnært og fagleg fokus
  • spanande og faglege utfordringar
  • leiing som er nær
  • eininga disponerar bilar i tenesta
  • tilsetting etter vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtale
  • lønn etter gjeldande avtaleverk


Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk.

 

 

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    13.11.2021
  • Stillingsfunksjon
    Helsefagarbeidar
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4170731
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 21.10.2021