Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
25.10.2021Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4005624Se her for andre jobber fra Gulen kommune
- Oppdatert 13.10.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Gulen kommune
Helsefagarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Gulen kommune har ledig 80% fast stilling som helsefagarbeidar i Gulen kommune, for tida ved sone Eivindvik-Gulen sjukeheim, frå snarast. Stillinga er ei fast sjukevikarstilling. Dette gjer at ein må rekne med noko variasjon i kva avdeling ein jobbar i og av turnus, avhenging av behovet. Det vil verte faste helger; kvar 4. helg (ved langvakter) eller kvar 3. helg.
Eininga har ansvar for pleie- og omsorgstenestene på sjukeheimen i kommunen, samt heimetenestene i Eivindvik-området.
Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Andre oppgåver som måtte komme til
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar.
- Førarkort klasse B.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Må like utfordringar og ein varierande kvardag
- Har erfaring frå pleie- og omsorgssektoren og kan jobbe sjølvstendig
- Er fleksibel, og kan jobbe i heile sona.
- Stabil og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
25.10.2021Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4005624Se her for andre jobber fra Gulen kommune
- Oppdatert 13.10.2021