Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
30.07.2020Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3031049Se her for andre jobber fra Gulen kommune
- Oppdatert 14.07.2020
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Gulen kommune
Helsefagarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Gulen kommune har ledige stillingar som helsefagarbeidar i Gulen kommune, for tida ved sone BBD. Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra. Dei fleste stillingane er reine helgestillingar, med arbeid 3. kvar helg, men nokon har også turnus på andre dagar, i tillegg til helg.
Vi har fylgjande stillingar som helsefagarbeidar ledige:
- Inntil 50% vikarstilling i tida 01.09.2020 - 07.01.2021, oppgåvene er for tida knytt til Dalsøyrarområdet
- Inntil 40% fast stilling frå 01.08.2020, oppgåvene er for tida knytt til Byrknesområdet
- I tillegg har vi ledig fleire fast helgestillingar, 13%-15% stilling frå 01.09.2020, der turnus for tida er knytt til enten Brekke, Byrknes eller Dalsøyra. Arbeid kvar 3. helg.
- 7% fast stilling med arbeid 6. kvar helg frå 01.09.2020. Oppgåvene er for tida knytt til Dalsøyraområdet.
Vi ber om at søkjarane skriv kva av desse stillingar dei søkjer på.
Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Andre oppgåver som måtte komme til
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar. Andre kan også søkje
- Førarkort klasse B
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel, stabil og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, påførande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
30.07.2020Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3031049Se her for andre jobber fra Gulen kommune
- Oppdatert 14.07.2020