• Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    21.06.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3912464
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
  • Oppdatert 16.06.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vestnes kommune

Helsefagarbeidar - 2 x 100 % stilling

Offentlige tjenester og forvaltning

Ved Heimetenestene er det ledig 2 x 100 % stilling for helsefagarbeidar. Stillingane har arbeid kvar 3. helg. Ledig frå 02.08.2021.

Kommunen tok i bruk det nye helsehuset Stella Maris i mai. Kommunen har lagt ned Tresfjord trygdeheim og Vestnes sjukeheim, og verksemda er flytta over til helsehuset.  I det nye helsehuset har vi også Heimetenestene, Tenestekontor, Legesenter.  Andre funksjonar i nybygget er Bibliotek og kafe.  Sentralkjøkkenet ligg i eige bygg utanfor helsehuset.

Arbeidsstad
Heimetenestene ligg i sentrum. 

Arbeidsoppgåver
- ivaretaking av tenestemottakarens behov for omsorg og innhald i kvardagen
- utføre arbeid og rutiner og gjennomføre prosedyrer i tråd med aktuelt lovverk, dagsplanar, miljøreglar og oppfølging av desse
- ivareta krav i høve dokumentasjon
- delta i gjennomføring og evaluering av tiltak

Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som er autorisert helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar:
- du må kunne tilegne deg kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga
- beherske målretta miljøarbeid og kunne legge til rette for ein aktiv kvardag
- datakunnskap
- relevant praksis
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er bestått norsk på nivå B1/B2
- ha gode kommunikasjonsevne
- du må ha førarkort kl B

Personlege eigenskapar
- du må være fagleg engasjert
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø

Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- tilsette med relevant fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet, begynnarløna vert med 4 års ansiennitet
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid.
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale.

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. 

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
 
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referanser
Oppgi referanse

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV  i søknadsskjemaet.  Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
 
Søkjarlista kan bli offentliggjort.
 

  • Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    21.06.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3912464
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
  • Oppdatert 16.06.2021