• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    03.11.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3234210
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 20.10.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Helsefagarbeidar - 100 % fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Me har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar i heimetenesta Knarvik sørvest i Alver kommune. Stillinga inneber arbeid i turnus med arbeid i snitt kvar 3.helg.

Om Knarvik sørvest heimeteneste

Avdeling Knarvik sørvest har kontor i Knarvik. Me gjev tenester til brukara som bur i Knarvik. I tillegg er nattpatruljen i Alver organisert under Knarvik sørvest. Dei har oppmøteplass i Knarvik, Frekhaug og Manger, og gjev tenester i alle distrikt i Alver. 

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim.  Kvardagen hjå oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Heimetenesta samarbeidar tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid. Sista åra har det vore ei stor satsing på velferdsteknologi og kvardagsmestring. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil.

Krav til kompetanse

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Sertifikat klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du er inspirerande og engasjert
  • Du kan prioritera i ein travel kvardag
  • Du trivst med å arbeida sjølvstendig og som del av team
  • Du har evne og vilje til å arbeida for eit godt arbeidsmiljø
  • Du kan skapa arbeidsglede i ein hektisk kvardag
  • Du er løysningsorientert og fleksibel
  • Du er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
  • Du behersker norsk både skriftleg og munnleg

Me tilbyr

  • Engasjerte, flotte og fremtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Fagleg utvikling
  • Årsturnus
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • God pensjonsordning

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    03.11.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3234210
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 20.10.2020