Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
23.01.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4947375Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 10.01.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Helsefagarbeidar - 100 % fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar frå 01.04.2023. Avdelinga har årsturnus og ein jobbar i todelt turnus med om lag 16 helger (i snitt kvar 3. helg) i løpet av året.
Om Frekhaug heimeteneste
Avdeling Frekhaug har kontor både på Vikebø og på Frekhaug. Avdelinga har om lag 60 tilsette og vi gjev tenester til personar som bur på Holsnøy og Flatøy. Denne stillinga er for tida knytt mot kontoret på Vikebø.
Arbeidsoppgåver
Heimentenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Kvardagen hos oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Arbeidsoppgåvene til helsefagarbeidarar består mellom anna i oppfølging av hygiene, ernæring og legemiddel hos brukar for å sikre best mogleg livskvalitet, samarbeide med pårørande, primærkontaktarbeid osb. Heimetenesta gjev hjelp etter vedtak, samstundes har helsepersonell ansvar for å forløpande kartlegge endra funksjonsnivå og gje hjelp etter kvar enkelt brukar sitt behov.
Heimetenesta samarbeidar tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid.
Heimetenesta er framtidsretta og har dei siste åra satsa på velferdsteknologi, mobilt vaktrom, mobil omsorg, digital vaktbok og andre digitale løysingar.
Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil.
Kompetanse
Krav til kompetanse
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Sertifikat klasse B
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er:
Effektiv. Du taklar stress og liker høgt tempo.
Sjølvstendig. Du trivast med å ha ansvar og finn lett løysingar.
Fagleg sterk. Du behalder roen i uforutsatte/akutte situasjonar og klarer å prioritere.
Glad i menneske. Du vert motivert av å jobbe med menneske og ønskjer å bruke faget til det beste for brukar.
Positiv. Du er ein humørspredar - blant kollegaer og brukarane.
Framtidsretta. Du ser nye måter å jobbe på, er villig til å gjere ting på ein anna måte og er positiv til digitale løysingar.
Vi tilbyr
- Årsturnus
- Engajserte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Pensjonsordning
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Bli kjent med Alver kommune
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
23.01.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4947375Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 10.01.2023