Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
23.06.2022Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4663168Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 10.06.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Helsefagarbeidar - 100 % fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar med oppstart snarast råd. Stillinga er 35,5 t/v i todelt turnus, med arbeid kvar 3. helg.
Ved interne søkjarar kan det verte ledig andre stillingar.
Om Manger heimeteneste
Heimetenesta i Alver er delt inn i 7 geografiske områder der Manger heimeteneste er lokalisert sentralt på Manger. Avdelinga er samansett av sjukepleiarkompetanse, helsefagarbeidarkompetanse og assistentar. Avdelinga har ca 32 årsverk. Avdelinga gjev tenester til heimebuande i området og til bebuarar som bur i bustad med heildøgnstilbod (bustadene er og sentralt på Manger). Manger heimeteneste kan tilby eit godt og stimulerande arbeidsmiljø. Vi er ei avdeling i stadig utvikling og har eit felles fokus på gode tenester.
Arbeidsoppgåver
Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Tenestene femnar m.a. om heimesjukepleie, heimehjelp, middagslevering og administrasjon av medisinar. Det er krav om at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta.
Som helsefagarbeidar skal du yte helsehjelp etter vedtak - generell pleie og omsorg, medisinadministrasjon etter delegering, hjelp med ernæring og anna hjelp jf. prosedyrar
Kompetansekrav
- Autorisert helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Du er inspirerande og engasjert i faget. Du kan prioritera i ein travel kvardag, og trivst både med å arbeide sjølvstendig og som del av eit team. Vi ser etter deg som har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag. Som helsefagarbeidar er du fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga. Du er i tillegg løysingsorientert og fleksibel. Du har gjerne erfaring frå arbeid i heimetenesta, og erfaring med arbeid opp mot eldre og personar med demnser og eit fortrinn. Vi ser etter deg med god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Vi tilbyr
Heimetenesta på Manger har eit godt arbeidsmiljø, der dei tilsette trivast godt. Avdelinga arbeidar saman og løyser oppgåvene med "stå på vilje", og har fokus på oppgåveløysing.
Politiattest
I tråd med helsepersonellova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
23.06.2022Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4663168Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 10.06.2022