• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    28.06.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3931165
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 18.06.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Helsefagarbeidar - 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Me har to ledige 100% stillingar som helsefagarbeidar i team som skal gi tenester i heimen til ein person med utviklingshemming. Oppstart er sett til 01.10.2021, og me sett pris på om du kan starte hospitering/opplæring i september.

Om arbeidsplassen

Du vil arbeide i heimen til ein person med utviklingshemming, der det er lagt til rette for gode personalfasilitetar i heimen. Arbeidsplassen ligg 10 minutter med køyring frå Knarvik. Butiltaket er organisert under avdelinga Ressurskrevjande tenester.

Arbeidsoppgåver

  • Du vil jobba med reguleringsstøttande samhandling, byggje sjølvkjensle og sjølvstende
  • Du vil vera i fysisk aktivitet og gjere meiningsfulle aktivitetar med beboer
  • Du vil bidra til fagleg utvikling.
  • Du vil delta på samarbeidsmøter rundt den enkelte beboer
  • Du vil drive med dagleg tilrettelegging og planlegging av tenesteytinga
  • Du vil bidra til at daglege praktiske oppgåver vert gjennomført
  • Du vil dokumentera tenesteytinga i Profil
  • Du vil få delegerte oppgåver frå leiar

Kompetansekrav

  • Du må vera offentleg godkjent helsefagarbeidar
  • Du må ha førarkort klasse B

Ønskt kompetanse

  • Vi ønskjer at du har erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming, og utfordrande åtferd
  • Vi ønskjer at du har kjennskap til Lov om kommunale helse og omsorgstenester, kap. 9
  • Vi ønskjer at du har god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk
  • Vi ønskjer at du er opptatt av refleksjon omkring tenesteytinga og lojalitet knytt til felles retningsliner

Personlege eigenskaper

  • Du er ein fleksibel og løysingsorientert person
  • Du har evne til å etablere og utvikle gode relasjonar til brukar og kollegaer
  • Du er interessert i å «gjere ein forskjell» når du er på jobb
  • Du er ein tydeleg og trygg omsorgsperson
  • Du har god fysisk og psykisk helse
  • Du har evne og erfaring til å takle andre personar sine utfordringar og å møte brukar i sårbare situasjonar på «deira utviklingsnivå»
  • Du er aktiv og kreativ når det gjeld å motivere, men også rolig og tolmodig når situasjonen krev dette

Det vert sterkt vektlagt om du er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr

  • Gode arbeidstilhøve og eit godt arbeidsmiljø
  • Løn etter tariffavtale
  • Gode pensjonsvilkår

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. 

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    28.06.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3931165
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 18.06.2021