Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
13.10.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
Ikke påkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
2karriere-kode
5898176Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
Kvam Herad i Brønnøysund
Helgestillingar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du vår nye medarbeidar?
Me søkjer deg som er engasjert, har overskot, og likar tanken på å arbeida med og for menneske.
Stillingane er ledige frå hausten 2024. Helgestilling inneber dagvakter og kveldsvakter (todelt turnus), enten kvar 2. eller kvar 3. helg. Stillingsstorleik frå 14 - 22 %.
- Kvam rehabilitering og behandlingsavdeling er ei korttidsavdeling med 16 sengeplassar
- Målsetjinga vår er at hos oss skal det vera godt å vera.
- Me er opptatt av god kommunikasjon og godt samarbeid mellom pasient og tilsett og har fokus på den enkelte pasienten sitt behov for bistand
Ei helgestilling kan vera aktuelt for deg som har tid til overs og vil ha ei meiningsfull deltidsstilling. Har du tanker om å starta utdanning innen helse- eller omsorgsfaget, kan ei slik stilling gje deg gode erfaringar.
Ta kontakt med oss i dag og få meir informasjon om korleis det er å jobba i helgestilling hos oss!
Arbeidsoppgåver
- Gje god omsorg, praktisk hjelp og pleie
- Dagleg journalføring i Gerica
- Ivareta pasientane sin identitet, eigenverd og sjølvstende
- Tilby tenester med høg standard
Kvalifikasjonar
Me søkjer deg som:
- Har eit genuint ønske om gje omsorg til andre
- Kan arbeida sjølvstendig og i grupper
- Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg (tilsvarande B1)
- Er fylt 18 år. Søkjarar under 18 kan verta vurdert, personlige eigenskapar vert lagt vekt på
- Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
- Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden
Personlege eigenskapar
Du er/har:
- Vilje og interessa for å arbeida med menneske med ulike utfordringar
- Lærevillig og engasjert
- God til å formidla empati, visa respekt og omsorg
- Tålmodig og trygg
- Gode samarbeidsevner
- Godt humør og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Meiningsfullt arbeid i lag med erfarne og kjekke kollegaer
- Du får god opplæring og opparbeider deg lærerik og nyttig arbeidspraksis
- Tverrfagleg samarbeid
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
13.10.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
Ikke påkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
2karriere-kode
5898176Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
-
Helgestillingar Strandebarm omsorg
Kvam Herad i Brønnøysund
STRANDEBARM -
Miljøarbeidar
Kvam Herad i Brønnøysund
ØYSTESE -
IT konsulent
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Aktivitør/helsefagarbeidar dagaktivitetstilbod
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Miljøterapeut
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND