• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    08.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Helg
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Manger
    ALVER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3491458
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 17.02.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Helgestilling som assistent 13-23%

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig 3 faste stillingar på helg i Hannesvegen bustader. Stillingane på 13,58% og 14,08% har arbeid på dag/kveld 3. kvar helg, og den på 22,89% har arbeid kvar 4. helg med langvakter.

Om Habiliteringstenester

Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til menneske som treng rettleiing, hjelp, opplæring og helsehjelp for at dei skal oppleve meistring og god livskvalitet.

Om Hannesvegen bustader

Hannesvegen bustader ligg sentralt på Manger, og er ei avdelinga som består av fleire bustadgrupper. Langvaktstillinga er knytt til avlastingsbustaden og dei to andre til bustadene. Målet er å gje tenester av høg kvalitet for å sikre ein best mogeleg kvardag for den einskilde.

Arbeidsoppgåver

  • Sjå den einskilde brukar sine behov
  • Reguleringsstøttende samhandling, byggje sjølvkjensle og sjølvstende.
  • Vera fysisk aktiv og gjere meiningsfulle aktivitetar med barna/ungdommen.
  • Bidra til fagleg utvikling
  • Delta på samarbeidsmøter rundt den enkelte barn/ungdom
  • Dagleg tilrettelegging og planlegging av tenesteytinga
  • Bidra til at daglege praktiske oppgåver vert gjennomført
  • Dokumentasjon av tenesteytinga i Profil

Kompetansekrav

  • Erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming er eit føremon
  • God norsk skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • Førarkort klasse B. (Kjøre både liten/stor bil, manuell og automat gir.)

Personlege eigenskapar

  • Du er ein tydeleg og trygg vaksen.
  • Du er aktiv og kreativ når det gjeld å motivere, men også rolig og tolmodig når situasjonen krev dette.
  • Du er interessert i å «gjere ein forskjell» når du er på jobb.
  • Du er opptatt av refleksjon omkring tenesteytinga og lojalitet knytt til felles retningsliner.
  • Du er fleksibel
  • Du kan takle andre personar sine utfordringar og å møte tenestemottakar i sårbare situasjonar på deira utviklingsnivå
  • Du etablerer og utvikler gode relasjonar til tenestemottakar og kollegaer

Vi tilbyr

  • Ein variert arbeidskvardag med faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning
  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Tiltreding etter avtale

Politiattest

 I tråd med gjeldande lovverk stillast det krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    08.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Helg
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Manger
    ALVER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3491458
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 17.02.2021