• Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    06.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Natt
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3970807
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune
  • Oppdatert 09.07.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hå kommune

Helgestilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Innafor tenesteområdet helse og sosial, i nattpatruljen, er følgjande stilling ledig for helsefagarbeidar:

  • 25,4 % stilling fast, 2. kvar helg.

Stillinga har vakter natt til lørdag og søndag, ikkje til måndag. Dette gjer at ein ikkje går meir enn to vakter om gongen, og stillinga kan kombineras med skulegang eller anna arbeid.
Nattpatruljen har heile kommunen som sitt ansvarsområde, og hjelper dei som bur i eigen heim. Det er fleire nattevakter på jobb kvar natt. Arbeidet gjer ein stundom i lag med andre og andre gonger åleine.

Kvalifikasjoner
Me søker deg som:

  • er utdanna helsefagarbeidar / hjelpepleiar / omsorgsarbeidar. Spl studentar, samt deg med erfaring frå pleie og omsorg eller ynskje om ei slik stilling kan og søka.
  • har førerkort klasse B
  • har gode norskkunnkaper, både munnleg og skriftleg
  • kan arbeide sjølvstendig og målretta, og trivs med arbeid på natt
  • ynskjer ein liten stilling med arbeid på helg
  • kan forhalde deg til vedtak og tildelt tid, samstundes som du kan ta faglege vurderingar om situasjonen krev det
  • er positiv til andre, glad i å arbeida, og vektlegg å samarbeida godt med andre
  • har eit personleg engasjement for brukergruppa, og som ynskjer å arbeide med heimetenester
  • liker å arbeide i eit skiftande tempo, og tilpassa arbeidsmåten etter det

Me tilbyr:

  • Ein triveleg arbeidsplass med god dekning av fagutdanna personale
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Gode ordningar for vidareutdanning og kompetansehevande tiltak
  • Variert brukergruppe og stor variasjon i arbeidsoppgåver
  • Arbeid i ei teneste som er under stor utvikling, og som har spennande tider føre seg

Nærare opplysingar kan du få ved å kontakte fung.leder Terese Håland på telefon 415 32 789.

OBS: Vi vil aldri be om BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Dersom du får forespørsel om dette så ber vi om at du tar kontakt med oss på personalsakspost@ha.kommune.no

Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål (pdf) digitalt saman med søknaden din.

Politiattest
Politiattest nyare enn tre månedar må leverast før start i stilling.

Tilsettingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som framgår av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månedar og reglar for flyttegodtgjersle.

 

  • Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    06.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Natt
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3970807
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune
  • Oppdatert 09.07.2021