• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    25.01.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4931020
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 12.01.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Helgestilling 15% fast, Heimetenesta sone sør

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Helsefagarbeider/sjukepleiar-vernepleiarstudentar, 15% fast, Heimetenesta sone sør

Helsefagarbeidar / sjukepleiar- vernepleiarstudent til faste 15% stillingar i Heimetenesta sone sør

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 40 000 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Vil du bli vår nye kollega?

Ønskjer du deg fast stilling, med gode kollegaer og varierte oppgåver? Vi søkjer etter deg som er engasjert, fleksibel og har fokus på høg kvalitet for brukarane våre.

 

Heimetenesta i Øygarden Kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske soner. I heimetenesta vil du møte brukarar i alle aldrar og med stor variasjon i hjelpebehov. Du får høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje ny erfaring, i eit miljø som er oppteken av å vere fagleg oppdatert. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.

 

Det vert no lyst ut faste 15% helgestillingar for helsefagarbeidar/studentar i sjukepleie - vernepleie i heimetenesta sone sør. Sone sør har sonekontor på Skogsvåg. Stillingane ligg i årsturnus.

 

Stillingane er ledige frå snarast.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Omsorgsoppgåver i tenestemottakar sin heim
  • Yte fagleg forsvarleg teneste til brukarane
  • Samarbeid med pårørande
  • Bidra til utvikling av tenesta og eit godt arbeidsmiljø
  • Dokumentasjon i fagjournal

 

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Fagbrev innan helse eller studentar i sjukepleie/vernepleie
  • Ufaglærde med erfaring innan pleie og omsorg kan vurderast
  • Det vil bli lagt vekt på personleg eignaheit
  • Søkjar må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
  • Søkjar må ha førarkort for bil
  • Krav om framlegg av politiattest

 

 Vi tilbyr:

  • Fast 15% helgestilling
  • Eit godt arbeidsmiljø, dyktige kollegaer og ein arbeidsplass der vi kan leggje til rette for faglege utfordringar og utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift.

 

Anna:

  • For studentar innan sjukepleie og vernepleie vert det gitt tillegg i løn jamfør lønspolitisk plan

 

Kontakt:

Einingsleiar Kate S Løland  950 71 121

 

Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsett skal gjenspegla folkesetnaden forresten. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    25.01.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4931020
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 12.01.2023