Bedrift
Vestnes kommuneSøknadsfrist
14.03.2022Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4294476Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
- Oppdatert 03.01.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Vestnes kommune
Helgavakt og Tilkallingsvikarar
Offentlig forvaltning
Stillingstype
Vi har behov for tilkallingsvikarar og personar som kan tenke seg å arbeide på helg i Helse- og omsorg. Tenestestadane er Vestnes sjukeheim, Heimetenestene, Hellandtunet og Eining for Aktivisering og Meistring. Helgavaktstillingane har varierande stillingstorleik frå 10 til 25 % med arbeid 2. kvar eller 3 kvar helg.
Søkjarar vil bli fortløpande vurdert og kontakta.
Arbeidsoppgåver
- ivaretaking av tenestemottakarens behov for omsorg og innhald i kvardagen
- utføre arbeid og rutiner og gjennomføre prosedyrer i tråd med aktuelt lovverk, dagsplaner, miljøreglar og oppfølging av desse
- delta i gjennomføring og evaluering av tiltak med bruk av tvang med heimel i Helse- og omsorgstenestelova kap. 9
- ivareta krav i høve dokumentasjon
- legemiddelhåndtering
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som er autorisert helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar. Dersom vi ikkje får nok søkjarar med fagkompetanse kan ufaglærte verte tilsett.
- du må kunne tilegne deg kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga, særskilt Helse- og omsorgstenestelova kap.9
- det er ønskeleg med kunnskap/erfaring frå arbeid med personar med psykisk utviklingshemming, eldre/geriatri og psykisk helse
- beherske målretta miljøarbeid og kunne legge til rette for ein aktiv kvardag i og utanfor heimen
- det er ønskjeleg med erfaring frå målretta miljøarbeidarbeid i Norge
- det er ønskeleg med kompetanse i handtering av utfordrande atferd
- datakunnskap
- relevant praksis
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er bestått norsk på nivå B1/B2
- ha gode kommunikasjonsevne
- du må ha førarkort kl B
Personlege eigenskapar
- du må være fagleg engasjert
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- tilsette med relevant fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet, begynnarløna vert med 4 års ansiennitet
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
Kontaktpersonar:
Heimetenestene: Christell Hellström-Sagen
Vestnes sjukeheim: Greta Bjerke
Hellandtunet: Hilde Eiken
Bu- og habilitering: Linda Gravem
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referanser
Oppgi referanser.
Bedrift
Vestnes kommuneSøknadsfrist
14.03.2022Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4294476Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
- Oppdatert 03.01.2022