Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
01.07.2021Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3934963Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 17.06.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Heimehjelp, 45% vikariat - Heimetenesta sone sør
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Heimetenesta i Øygarden Kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske soner. I heimetenesta jobbar ein tett på brukaren i deira heim og vil møte brukarar i ulike livssituasjonar og med ulike utfordringar. Vi treng deg som ein kompetent medarbeidar som kan utføra reinhaldsoppgåver i brukar sin heim i tråd med enkeltvedtak. I tillegg må du delta i omsorgsoppgåver gjennom arbeid på helg og høgtid i heimesjukepleien. Me ynskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver som du vil møte.
Det vert no lyst ut etter 45% vikariat for heimehjelp i heimetenesta sone sør. Sone sør har sonekontor på Skogsvåg.
Stillinga er ledig frå 20.08.2021 – 03.03.2022
Arbeidsoppgåver:
- Utføring av reinhaldsoppgåver i brukar sin heim
- Arbeid på helg i heimesjukepleien
Kvalifikasjonar for stillinga:
- Ønskjeleg med fagbrev innan reinhald
- Lång og relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning
- Førarkort for bil
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå arbeid i heimetenesta eller arbeid med eldre
- Krav om framlegg av politiattest
Personlege eigenskapar:
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
- Evne til å arbeida strukturert og sjølvstendig
- Bidreg til å skapa eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Einingsleiar Kate S Løland, tlf: 950 71 121
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
01.07.2021Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3934963Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 17.06.2021