Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hordaland fylkeskommune

GIS-rådgjevar - statistikk, kart og analyse

Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater

Seksjon for statistikk, kart og analyse blir etablert i samband med samanslåinga til Vestland fylkeskommune, og skal vere i front på kommunale og regionale analysar for å stø fylkeskommunen som ein aktiv og kunnskapsbasert regional utviklingsaktør, og bidra til å løfte analyse- og kunnskapsproduksjonen både i kommunane og i dei andre fagavdelingane i fylkeskommunen.

Seksjonen får ei nøkkelrolle i koordinering, innsamling, handsaming, utvikling og formidling av kart- og statistikkarbeid i fylket. Viktige leveransar frå seksjonen vil vere kart- og statistikkforvaltning, befolknings- og bustadframskrivingar, kunnskapsgrunnlag til regionale planar og strategiar, kartlegging og oversikt over folkehelsa, og ei mengde oppdragsbaserte analysar og rapportar.


Seksjonen skal delta aktivt i nasjonale fagnettverk for statistikk, kart og analyse. Stillinga inngår i eit
team på to i seksjonen som har som formål å drifte, vedlikehalde, vidareutvikle og bruke fylkeskommunen sine geografiske informasjonssystem, og koordinere denne informasjonen med fylkeskommunen sin øvrige statistikk-, kart og analyseproduksjon.

   

Arbeidsoppgåver

Særskilte oppgåver
Drift og utvikling av GIS, herunder:
Drift og vedlikehald av fylkeskommunen sine offentlege karttenester
Drift og vedlikehald av data i filstruktur og database
Vedlikehald og vidareutvikling av prosesseringsløyper for automatisert dataflyt
Administrasjon av lisensar
Administrasjon av organisasjonens Arcgis Online portal
Kontakt med leverandørar
Utføre oppdrag for fagavdelingar:
Geografiske analysar og geoprosessering
Lage tematiske kart
Oppfølging og koordinering:
Følgje opp viktige fagområde som kulturminneforvaltning, skuleskyss, kollektiv og samferdsel
Koordinere organisasjonen sin bruk av GIS, og sjå heilskapen av behov og vere drivar for vidareutvikling innan fagfeltet
Gjennomføre opplæring og brukarstøtte
Representere fylkeskommunen i ulike utval under Norge Digitalt-samarbeidet, og i fylkeskommunalt GIS-nettverk.














Felles oppgåver:
Stillinga vil inngå i seksjonen sin daglege statistikk- og analyseproduksjon og -rådgjeving.   
Oppgåver i seksjonen:  
Faktainnhenting
Spørjeundersøkingar
Kvantitative og kvalitative analysar
Publisering og presentasjon av statistikk og analysar
Koordinering og kvalitetssikring av kunnskapsformidling frå andre avdelingar  
Rådgjeving til interne og eksterne aktørar  







 

Kvalifikasjonar

Høgare utdanning som inkluderer geomatikk og geografiske informasjonssystem, mastergrad eller høgare. Kravet til utdanning og utdanningsretning kan fråvikast for søkjarar som har særs god og relevant praksis.

God teknisk innsikt
Erfaring med Esri programvare portefølje, i sær Arcgis Desktop, Arcgis Pro, Arcgis Server og Arcgis Online
Erfaring med Geocortex
Erfaring med drift og konfigurasjon av web-GIS
God innsikt i geografiske data og -databasestruktur
Erfaring med geografiske analysar og framstilling av kartdata, også via nettløysingar
Erfaring med programmeringsspråk (Python)
Kjennskap til json, xml og html
Kjennskap til Microsoft mssql database
Kjennskap til Norge Digitalt og Geonorge.no                                                                                                                                                                                                                              Erfaring med handsaming og formidling av tekst, tal og grafikk vil bli vektlagd.  








 

Personlege eigenskapar
Gode analytiske evner
God formidlingsevne, munnleg og skriftleg
Kreativ, løysingsorientert, metodisk allsidig: evne til å operasjonalisere problemstillingar i dialog med brukar
Strukturert, nøyaktig og sjølvstendig




Vi tilbyr

Stillingsnemning rådgjevar/spesialrådgjevar/seniorrådgjevar etter kvalifikasjonar og erfaring
Løn etter avtale
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Fleksibel arbeidstid
Faglege utfordringar og stimulerande arbeidsmiljø                                                                                                                                                                                                       Seksjonen har i dag fleire tilsette med ph.d., og fylkeskommunen vil kunne leggje til rette for offentleg-sektor ph.d. om det skulle vere søkjarar med interesse for å ta ein ph.d. litt ut i karrieren.




Andre opplysningar:
Seksjonen vil ha kontor både i Bergen/Sandsli og Leikanger, og organisatorisk liggje i stabsavdeling for strategisk utvikling og digitalisering. Stillinga vil ha kontorstad Sandsli, saman med seksjonsleiar og ein analyserådgjevar, mens den andre GIS-rådgjevaren og analyserådgjevaren har kontorstad Leikanger saman med avdelingsdirektør. Litt reiseaktivitet mellom kontorstadane må påreknast, men det daglege samarbeidet vil vere i digitale møterom. Kontorstaden på Sandsli vil bli flytta til fylkeskommunen sitt nybygg i Bergen sentrum i 2023.

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.                                                                                                                                                                                                               Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.