Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Surnadal kommune

Fysioterapeut - vikariat i 100% stilling ved Heimetenesta

Brannvesen

Vi søker autorisert fysioterapeut til vikariat i 100% stilling frå snarast og med varigheit i om lag eit år.

Stillinga inngår i det tverrfaglege arbeidet i eininga. Til stillinga ligg pleie- og omsorgsoppgåver i heimesjukepleia og oppgåver knytt til rehabiliteringsteamet som fysioterapeuten er ein viktig del av.

Hovudoppgåva er å sette kvar enkelt pasient/brukar i stand til å meistre eigen kvardag.  Da er t.d rehabilitering ved utskriving frå sjukehus eller institusjonsopphald sentralt, samt arbeid med å førebygge nye innleggingar og opphald i institusjon.

Deltaking i ulike prosjekt kan bli lagt til stillinga.

 

Arbeidsoppgåver

  • Direkte pasientretta arbeid, med arbeid 3.kvar helg i turnus
  • Kartlegging og vurdering av brukarane sine behov for tenester 
  • Tilrettelegging i heimesituasjon og utprøving av alternative tiltak heime
  • Vere pådrivar i tverrfagleg koordinering og samhandling
  • Førebyggande helsearbeid i pasientgruppa

 

Kvalifikasjonskrav

Autorisasjon som fysioterapeut.

Gode norskkunnskapar, muntleg og skriftleg. Du må kunne bruke dataverktøy til dokumentasjon og informasjon.

Det er krav om førakort kl.B, og du må påregne bruk av eigen bil.

 

Vi ser etter ein fysioterapeut som er/har:

- fagleg trygg og oppdatert

- interessert i tverrfagleg samarbeid og arbeid innan geriatri

- fleksibel når detgjeld arbeidsoppgåver og samarbeidsoppgåver

- ansvarsfull og lojal

- som kan bidra til utviklinga av eit godt arbeidsmiljø

- har vilje og evne til sjølvstendig arbeid

 

Vi kan tilby godt arbeidsmiljø med dyktige og erfarne kollegaer. Du har stor innvirkning på utforminga av eigen arbeidskvardag og du vil få møte mange spanande faglege utfordringar.