• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    12.12.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4238964
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 01.12.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjaler kommune

Fysioterapeut vikariat 80 % stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Fjaler kommune har ledig eit halvt års vikariat som Fysioterapeut. Vikariatet gjeld frå 14.02.22-14.08.22. Fysio-Ergoterapitenesta held til i lokale ved Fjaler Helsetun. Hos oss jobbar det til vanleg tre fysioterapeutar, ein turnusfysioterapeut og ein ergoterapeut.

Utover direkte pasientretta arbeid gjennom behandling, trening og samhandling med brukarar individuelt og på gruppenivå, fokuserer tenesta på å få til gode samspel med andre faggrupper i kommunen, der det er naudsynt for å yte optimale tenester til våre brukarar. Vi har også ansvar for gjennomføring av frisklivstiltak i kommunen. Den som blir tildelt vikariatet vil få høve til å jobbe i eit godt arbeidsmiljø med erfarne støttespelarar. Det blir vektlagt at personen er egna til stillinga.

 Arbeidsoppgåver

  • Rehabilitering av eldre i institusjon og i heimen
  • Habiliteringsoppgåver, individuelt og i grupper, både barn og vaksne
  • Kurativ fysioterapi og opptrening av pasientar etter operasjon/skade, samt oppfølging av pasienter med kroniske muskel-skjelettplager
  • Hjelpemiddelformidling
  • Individuell oppfølging, samt tilrettelegging av gruppeaktivitet for fastbuande på Fjaler Helsetun
  • Friskliv 

Kvalifikasjonar

  • Høgskuleutdanning innan fysioterapi med autorisasjon
  • Førarkort kl. B.
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest må framleggjast før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Er ansvarsbevisst og strukturert
  • God evne til samarbeid og kommunikasjon
  • Likar å jobbe strukturert og målretta    

 Vi tilbyr

  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Godt arbeidsmiljø
  • Erfarne støttespelarar i kollegiet
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg. Politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding.

 

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    12.12.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4238964
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 01.12.2021