• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    23.10.2021
  • Stillingsfunksjon
    Fysioterapeut
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4136316
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 05.10.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Fysioterapeut

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Eininga fysio/ergoterapi i Sunnfjord kommune har 21 tilsette, fordelt mellom arbeidsstadene Førde, Naustdal, Sande og Skei. Tenesta består av fysioterapeutar, ergoterapeutar og serviceteknikarar med ansvar for hjelpemiddel. Eininga har eit godt fagmiljø, med mange dyktige og engasjerte medarbeidarar.

Vi har ledig: 


100 % fast stilling for fysioterapeut

Denne stillinga er i hovudsak knytt til arbeid med vaksne og eldre, og er ein av tre fysioterapistillingar på dette området med utgangspunkt i arbeidsstad Sande. Det må påreknast at det også kan vere aktuelt med arbeidsoppgåver tilknytt andre arbeidsstader i eininga i Sunnfjord kommune.

Tenesta har eit nært samarbeid med dei andre kommunale fagområda som rettar seg mot vaksne og eldre, slik som legetenesta og pleie-  og omsorgstenesta. Vi legg vekt på heilskapleg og tverrfagleg samhandling med dei andre tenestene.

Som fysioterapeut vil arbeidsoppgåvene dine i hovudsak vere:
  • individuell oppfølging av pasientar, hovudsakleg vaksne og eldre
  • variert poliklinisk oppfølging av pasientar, hovudsakleg vaksne og eldre
  • rettleiing og samarbeid med andre faggrupper
  • hjelpemiddelarbeid
Du må ha:
  • autorisasjon som fysioterapeut
  • førarkort klasse B
  • gode norskkunnskapar, både skrifteleg og munnleg

Den som vert tilsett må kunne levere godkjend politiattest før oppstart i stillinga.

Du bør:
  • ha god arbeidskapasitet, og ha evne til å handtere ein hektisk kvardag med mange arbeidsoppgåver
  • vere strukturert, og kunne planlegge eigen arbeidskvardag
  • ha god kjennskap til bruk av IT-verktøy; i Sunnfjord kommune nyttar vi journalprogramma CosDoc og ProMed.
  • vere fagleg trygg, og flink både til å samarbeide med andre og til å arbeide sjølvstendig
  • ha erfaring frå kommunehelsetenesta
  • ha kjennskap til hjelpemiddelformidling
Vi tilbyr: 
  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • faglege utfordingar
  • kompetansetillegg for relevant tilleggsutdanning
  • inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglar og tariffavtalar

Du må oppgje referansar i søknaden. 

Du må søke elektronisk.

Velkomen som søkar!

 

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    23.10.2021
  • Stillingsfunksjon
    Fysioterapeut
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4136316
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 05.10.2021