Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
15.08.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3966141Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 06.07.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Fysioterapeut
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Det er ledig 100% fast stilling frå 16.8.21 som fysioterapeut i Sogndal kommune ved tenesteeining fysio-, ergoterapi og frisklivssentralen.
Arbeidsoppgåver:
· Helsefremjande og førebyggjande arbeid, rehabilitering av vaksne og eldre på institusjon og heime inkludert kvardagsrehabilitering.
· Leiing av grupper, individuell oppfølging av pasientar og tverrfagleg samarbeid vert ein del av arbeidsoppgåvene.
· Arbeidsoppgåver kan bli endra ut ifrå endra behov i tenesta.
Sentrale ansvarsområde:
· Stillinga er retta mot førebygging og behandling i institusjon og heimen, rehabilitering, kartlegging av funksjons- og meistringsnivå,. Tverrfagleg samarbeid og arbeid med pasientflyt i kommunen og mellom spesialisthelsetenesta og kommunen blir viktige oppgåver i stillinga
Kvalifikasjonar:
· Offentleg godkjent fysioterapeut.
· Godkjend politiattest
· Erfaring frå kommunehelsetenesta, rehabilitering og førebyggjande arbeid er ønskjeleg.
· Førarkort klasse B er eit krav, å kunne nytta eigen bil er ein fordel
· Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting
Personlege eigenskapar:
· God evne til sjølvstendig arbeid og tverrfagleg samarbeid
· Evne til å motivere og skape engasjement
· God rolleforståing og arbeidskapasitet
· Fleksibel og løysningsorientert
· God kommunikasjonsevne
· Påliteleg og lojal
· Systematisk og strukturert
· Utviklingsorientert
· Gjennomføringsevne
· Gode sosiale egenskaper
Me tilbyr:
· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
· Gode pensjons- og forsikringsordningar
· Gode velferdsordningar
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
15.08.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3966141Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 06.07.2021