Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
15.08.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, STRAUME
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3995668Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 26.07.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Fysioterapeut, 100% vikariat, Helse, meistring og rehabilitering
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Helse,meistring og rehabilitering er ergo- fysioterapitenesta, friskliv og meistring, hjelpemiddellager og terapibasseng. Her arbeider 45 personar med ulik fagbakgrunn, men flesteparten er ergoterapeutar eller fysioterapeutar
Alle tilsette jobbar tett med andre faggrupper og avdelingar i kommunen.
Tenesta arbeider med born, vaksne og eldre med sjukdom og/eller funksjonsvikt, blant anna i heim, barnehage, skule, sjukeheim og i tenesta sine eigne lokal. Tenesta er ofte ein del av eit samansett tenestetilbod, men kan også utøvast som enkelttiltak individuelt eller i gruppe
Vi søkjer etter fysioterapeut – vikar 100%, pga foreldrepermisjon
Stillinga arbeider hovudsakleg med vaksne/eldre i eigen heim og på institusjon, men kan også væra noko oppfølging av born/unge
Arbeidsoppgåvene vil vera oppfølging individuelt og i gruppe – eksempel balansetrening og bassengtrening. Dette vil væra i heimen eller på Straume terapisenter.
Vi ønskjer person som er fleksibel, initiativrik både når det gjeld arbeidsoppgåver og arbeidstad, og jobbar godt med både born og vaksne.
Kontorplassering på Straume terapisenter
Vikariatet varer frå : 10.09.2021 til 01.05.2022
Arbeidsoppgåver:
- Individuell oppfølging/behandling til vaksne/eldre – kan også bli aktuelt med oppfølging av barn/unge
- Bassengtrening og balansetrening i gruppe
- Oppfølging av korttidspasientar frå sjukeheim og til heim
Kvalifikasjonar:
- Bacheleor i fysioterapi
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå jobb i kommunehelsetenesta
- Gruppetrening i basseng
- Balansetrening i gruppe
Personlege eigenskapar:
- Evne til å omstille deg raskt, vera fleksibel og ha godt humør
- Du er rask til å setje deg inn i og forstå tenesta sitt arbeid
- Du er ansvarleg, sjølvstendig og har god gjennomføringsevne
- Du arbeider effektivt, strukturert og er løysingsorientert
- Du er personleg egna
Anna: Ein må ha førarkort og fordel om ein kan nytta eigen bil. Ein får bil- og køyregodtgjersle – dersom eigen bil vert nytta ofte i jobben.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt: Liv Møen 55906855/975 40 530
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
15.08.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, STRAUME
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3995668Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 26.07.2021