Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vaksdal kommune

Frivilligkoordinator ved Vaksdal frivilligsentral

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du glad i å få ting til å skje? Er du glad i å jobbe med aktive og engasjerte menneske?

Då har Vaksdal kommune jobben for deg. Vi søkjer etter frivilligkoordinator til 100% fast stilling.

Vaksdal frivilligsentral er organisert i Avdeling kultur og inkludering, og har mange felles oppgåver i lag med kollegaer innan avdelinga. Eit hovudmål er å samarbeide tverrfagleg innan avdelinga og med andre tenester i kommunen.

Vaksdal kommune er oppteken av å leggje til rette for og vere ein samarbeidspartner for frivilligheita. For å hjelpe oss med dette søkjer vi ein engasjert og entusiastisk koordinator som kan binde saman dei som treng noko og dei som ønskjer å bidra.

Arbeidsstad

Kontorplass på Dale. Aktivitetar i heile kommunen. Rapporterar til avdelingsleiar for kultur og inkludering.

Skildring

Vaksdal frivilligsentral skal:

  • Utvikle og forsterke samarbeidet mellom kommunen – lag og organisasjonar – andre frivillige.
  • Leggje til rette for og vere initiativtakar til nye aktivitetar
  • Vere ein ressursbase for frivillige
  • Setje fokus på og framheve det som finst av frivillig arbeid
  • Vere ein ressurs for frivillige lag og organisasjoner, særleg med tanke på råd og bistand av administrativ art
  • Vere oppdatert og informativ om spørsmål knytta til kommunen sine ulike lag og organisasjonar
  • Marknadsføre det frivillige arbeidet som finst i heile kommunen
  • Vere eit positivt innslag for alle som bur i kommunen

Oppgåvene vil vere mange og varierte og du vil mellom anna få ansvar for å planlegge og følgje opp aktivitetar i BUA, Ung Vaksdal og lokale initiativ. I tillegg skal du samarbeide om Datahjelpa, Innsats for andre, aktivitetsvennprosjektet, Natteravnar m.m. Det handlar altså om kontakt med innbyggjarar i alle aldrar.

Krav til kompetanse

  • Relevant høgare 3-årig utdanning, innan til dømes pedagogisk, humanistisk, kulturfagleg eller sosialfagleg retning. Brei og allsidig relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • Har kjennskap til frivilligheit
  • Ynskjeleg med erfaring frå prosjektarbeid eller liknande arbeidsområde
  • Ynskjeleg med erfaring frå tverrfagleg samarbeid 
  • God digital kompetanse
  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne

Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:

  • Kommuniserer og samarbeider godt med ulike menneske i alle lag
  • Du er omgjengeleg og sosial – ein relasjonsbyggjar som kan bygge nettverk
  • Evnar å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Er påliteleg og stabil med høg gjennomføringsevne. Du kan organisere og tilrettelegge for arrangement og oppdrag.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vaksdal kommune kan tilby

  • Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • Fagleg og personleg utvikling, med høve til å påverke eigen arbeidskvardag
  • Kompetente medarbeidarar og eit levande og inkluderande arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale. Fleksitidsordning. 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søkjer du

Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-rådgjevar: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 955 27 504