Bedrift
Samnanger kommuneSøknadsfrist
10.11.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5650, TYSSE
SAMNANGER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3937610Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
- Oppdatert 20.10.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Samnanger kommune
Sakshandsamar i barnevernstenesta
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du bli den nye kollegaen vår? Barneverntenesta i Samnanger ser etter deg som er raus og audmjuk, og som er motivert for å hjelpe og støtte barn og familiar i vanskelege livssituasjonar. Du kan bidra med å gi ein trygg og forsvarleg oppvekst, bygga opp eit omgjengeleg, dynamisk og fleksibelt ambulerande team, og stå i front i arbeidet med å bygga opp eit nytt barnevern i Samnanger kommune. Hovudoppgåva i denne stillinga er oppfølging av fosterbarn.
Med Barnevernsreforma får kommunane eit auka fagleg ansvar, mellom anna gjennom eit heilskapleg ansvar for oppfølging og rettleiing av fosterheim. Vi har derfor ledig 100 % fast stilling som fosterheimskonsulent i barneverntenesta, som er ei av tre stillingar i avdelinga.
Samnanger barnevern er ein arbeidsplass som utøver barnevernfagleg arbeid etter verdiane openheit, etterrettelegheit, audmjukskap, rausheit og omsorg i arbeidet for barn, unge og familiane deira. Barnevernstenesta i Samnanger er organisert saman med PPT og NAV.
Målet er aktivt å fremje tverrfagleg samarbeid og levere godt førebyggande barne- og ungdomsarbeid. Barnevernstenesta vektlegg eit nært samarbeid med andre tenester i kommunen til det beste for barn, unge og familiane deira. Vi er særleg opptekne av at barn og familiar blir involverte og har innverknad på tenester som er samordna og prega av kontinuitet.
Vi ønsker medarbeidarar som er framoverlente og som ynskjer å bidra til ei teneste som kan tilby rett hjelp til rett tid.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming etter barnevernlova
- Ansvar for oppfølging og rettleiing av fosterheim
- Oppfølging av barn som er plasserte
- Samtalar med barn, foreldre, fosterforeldre og institusjonar
- Gjennomføring av tverrfagleg samarbeidsmøte, referat og rapportskriving
- Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga
Den som blir tilsett vil òg måtta møta som kommunen sin partsrepresentant i fylkesnemnda og det øvrige rettssystemet.
Noko reiseverksemd og arbeid på ettermiddag og kveldstid må påreknast.
Kvalifikasjonar
Krav:
- 3-årig sosialfagleg utdanning som barnevernspedagog eller sosionom, eller annan relevant 3-årig sosialfagleg utdanning
- God erfaring og kjennskap til sakshandsaming i kommunal barnevernsteneste og fosterheimsarbeid
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
- Gyldig politiattest blir kravd ved tilsetting, i tråd med føresegn til barnevernlova § 6-10
Ønsker:
- Erfaring med rettleiing av fosterforeldre
- Kompetanse og erfaring innan ulike foreldrerettleiingsprogram; PYC, PMTO, Marte Meo, COS I, traumesensitiv omsorg, etc.
- I tillegg må kandidaten ha følgjande personlege eigenskapar:
- Raus, audmjuk og omgjengeleg i møte med barn og familiane deira, kollegaer og samarbeidspartnarar
- Gode kommunikasjonsevner som skaper tryggleik og tillit hjå brukarane
- Evne til å arbeide planmessig og strukturert
- Evne til å jobbe sjølvstendig
Me tilbyr
- Eit utviklingsorientert, positivt og endringsretta arbeidsmiljø
- Fagutvikling og kompetansepåfyll på fleire ulike område
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Tilsette blir meldt inn i KLP, og med offentleg tenestepensjon får dei ein av Norges beste pensjonsordningar. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Me ønsker eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspeigla befolkninga forøvrig. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søke jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Me gjer merksam på at søkjarlister til stillingar i kommunen er offentlege, jf. § 25 i offentleglova. Opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. I slike tilfelle vil søkjaren verta varsla på førehand, slik at han/ho har moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP sin pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap.
Bedrift
Samnanger kommuneSøknadsfrist
10.11.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5650, TYSSE
SAMNANGER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3937610Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
- Oppdatert 20.10.2021