Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
31.05.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4947653Se her for andre jobber fra Giske Kommune
- Oppdatert 27.03.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Giske Kommune
Ferievikarar i eining Meistring og psykisk helse sommaren 2023
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har ledige stillingar som ferievikarar i eining Meistring og psykisk helse frå 26.06. – 20.08.2023.
Vi søkjer studentar og offentleg godkjende:
- sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar og andre relevante helse- og sosialfaglege og pedagogiske høgskuleutdanningar
- helsefagarbeidarar eller anna relevant fagutdanning
- legestudentar
- assistentar
Aktuelle arbeidsplassar er Løkevegen bufellesskap for menneske med utfordingar innafor rus og psykisk helse, Skomakarvegen og Gudmundvegen bufellesskap for menneske med funksjonsnedsettingar og barneavlastninga. Eventuell prioritering av arbeidsstad må kome fram i søknaden. Det same gjeld kva tidsrom du kan arbeide.
Kommunen sine deltidstilsette kan også søkje om auka stilling opp til 100 % i periodar dei sjølve ikkje avvikler ferie.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato for alle stillingane i omsorg.
I tillegg til formell utdanning og praksis vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Det blir tilsett fortløpande i stillingane.
Vitnemål og karakterutskrift må sendast som vedlegg til søknaden.
Kvalifikasjoner:
- Det er ønskjeleg med erfaring frå liknande arbeid.
- God digital kompetanse.
- Det er ein fordel om søkjarane har førarkort for bil med manuell gir eller kan disponere eigen bil.
- Det er også ein fordel å kunne arbeide heile perioden utan avbrot.
- Søkjarar må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg.
Personlige egenskaper:
- Fleksibel og løysingsorientert.
- Gode samarbeidsevner.
Vi tilbyr:
Løn til pleiemedarbeidarar/assistentar:
- Årsløn i heil stilling er per i dag frå kr 324 900,- til kr 431 400,- etter ansiennitet.
- Dersom ansiennitet ikkje gir betre utteljing på løn får sjukepleie-, vernepleie- og legestudentar slik årsløn i heil stilling: bestått 1. år: kr 20 000,- over garantiløn, bestått 2. år: kr 30 000,- over minsteløn, pr i dag kr 324 900,-.
- Legestudentar som har fullført 4. semester får løn etter fagarbeidarstigen, og dei som har bestått 6. semester, og har gjennomgått farmakologi, blir arbeidsoppgåver og løn som sjukepleiar vurdert.
- Høgskule-/universitetsstudentar innafor andre relevante utdanningar får årsløn kr 5 000,- i heil stilling over minsteløn, pr i dag kr 324 900,-. Det same gjeld andre vikarar som kjem tilbake for andre sommaren (eller meir) på rad.
- Elles gjeld løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Bonusordning:
- Sjukepleie-, vernepleie-, fysioterapi-, ergoterapi- og legestudentar og andre ferievikarar med fullført relevant fagutdanning som arbeider i 100 % stilling i minimum 6 veker innafor vekene 27 - 33 etter avtale med leiar, får ein ekstra bonus på kr 15 000,-. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Ordninga gjeld også lærar- og førskulelærarstudentar i relevante stillingar innafor PU.
- Dette gjeld for reelt utført arbeid. I praksis betyr det at tillegget blir avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller ev. anna fråvær.
- Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.
Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
31.05.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4947653Se her for andre jobber fra Giske Kommune
- Oppdatert 27.03.2023