Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
13.03.2022Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4341557Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 19.01.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Ferievikarar - Heimetenester avd. Sogndal
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte ferievikarar for sommaren 2022 til heimetenesta og heimehjelp avdeling Sogndal.
Arbeidsoppgåver:
- Yte god og trygg helsehjelp til bebuarar i heimetenesta og omsorgsbustad.
- Kvardagsrehabilitering
- Varierte arbeidsoppgåver
- Yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag
Arbeidsperioden vil vera tida 20.06 - 14.08.2022.
Søkjarar som kan jobbe heile perioden vert prioriterte.
Oppmodar verne- og sjukepleiarstudentar til å søkje.
Ber om at følgjande vert oppgitt i søknaden:
- Kva område (heimetenesta eller heimehjelp) du ønskjer å jobbe med
- Perioden du kan jobbe
Kvalifikasjonar:
- Fylt 18 år, førarkort klasse B
- Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
- Løysingsorientert
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i eit team
- Skape tillit og aksept
- Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø
- Løn etter tariff
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
13.03.2022Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4341557Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 19.01.2022