Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Statens kartverk - Kartverket, hovedkontor

FERIEVIKARAR, Kinsarvik

Bygg og anlegg

Vi treng ferievikarar for 2021
Kartverket, avdeling Ullensvang
Arbeidsstad: Kinsarvik

Eiendomsdivisjonen er nasjonal tinglysingsmyndigheit og sentral matrikkelmyndigheit. Vi tinglyser rettar i fast eigedom og burettslagsandelar, og forvaltar data frå grunnbok og matrikkel. I tillegg har divisjonen forvaltningsoppgaver knytt til lov om stadnamn, fastsetting av administrative grenser og autorisasjon av landmålarar.

På Kartverket i Ullensvang har vi hovudansvaret for kundesenteret i Kartverket og tinglysing av burettslagsandelar. Vi har behov for timevikarar/ferievikarar som kan arbeide saman med oss i ferieavviklinga i sommar, men også elles i andre perioder i 2021. Det også aktuelt med kortare engasjement. Som sommarvikar må du helst vere tilgjengeleg frå midten av juni til primo august.

Det er viktig at du skriv kva tidsrom du ynskjer å arbeide i.

Arbeidsoppgåver
* Å arbeide på kundesenteret primært med henvendelsar på telefon, men også andre kanalar som chat og e-post
* Å arbeide med saksbehandling innan tinglysing burettslagsandelar
* Andre oppgåver kan også bli pålagt

Kvalifikasjonar
* Du må ha fullført vidaregåande skule
* Det er ynskjeleg med utdanningsløp frå høgskule/universitet, gjerne juss , samfunnsfag eller anna relevant studieretning
* Det er ein fordel med erfaring frå tinglysing, eller annan relevant erfaring

Personlege eigenskapar
* Du må vere nøyaktig, grundig, pliktoppfyllande og fleksibel
* Du må ha gode samarbeidsevner
* Du må kunne jobbe effektivt og trives i et travelt miljø med tidsfrister
* Du må ha god norskkunnskap, både skriftleg og munnleg

Vi tilbyr
Løn som konsulent, kode 1065, frå kr 182,- til kr 224,- per time,- avhengig av utdanning og erfaring.

Kartverket prioriterer eit inkluderande arbeidsliv. Det betyr at vi ynskjer velkommen til søkjarar med redusert funksjonsevne, ulik nasjonal eller etnisk bakgrunn. Og dessutan kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokkumentere ein samanhangande yrkeskarriere.

Kontaktinformasjon: Marita Aarhus, avdelingsdirektør, tlf. 941 59 478