Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Surnadal kommune

Ferievikarar 2021 - Teknisk drift

Brannvesen

Teknisk drift treng ferievikarar sommaren 2021 innan vaktmeistertenester, plen- og hagearbeid og reinhald.

Den som skal vere ferievikar må vere fylt 18 år før ein startar opp i arbeid.

Det er viktig at du oppgjev i søknaden når du kan arbeide og om du sjølv skal ha ferie i løpet av perioden.

 

Faste tilsette i Surnadal kommune som har deltidsstilling og som kan tenkje seg ferievikariat treng ikkje å søkje, men ta kontakt direkte med einingsleiar Olav Rønning.

 

Kvalifikasjonar:

Det er nødvendig med førarkort kl.B for mange av dei aktuelle oppdraga.

 

Vi ønskjer oss ferievikarar som:

- kan arbeide sjølvstendig

- som har god arbeidskapasitet

- kommuniserer godt på norsk

 

Vi tilbyr:

- opplæring og rettleiing

- ordinære kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff

- godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer