Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Surnadal kommune

Ferievikarar 2021 - Bu- og aktivitetstenesta

Brannvesen

Vi treng vikarar i perioden 21.06.21 - 22.08.21, dvs veke 25 til og med veke 33.

Den som blir tilsett må vere fylt 18 år ved oppstart i ferievikariat.

Det er viktig at du oppgjev i søknaden når du kan arbeide og om du sjølv skal ha ferie i løpet av perioden.

Ferievikarar som kan arbeide heile perioden vil bli prioritert.

 

Faste tilsette i Surnadal kommune som har deltidsstilling og som kan tenkje seg ferievikariat treng ikkje å søkje, men kan ta kontakt direkte med einingsleiar Nina Bjørnstad.

 

Kvalifikasjonar/utdanning.

Vi treng vernepleiarar og vernepleiestudentar, sjukepleiarar og sjukepleiestudentar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar og assistentar.

På grunn av arbeidsoppgåvene må du kunne kommunisere tilfredsstillande på norsk, både muntleg og skriftleg.

 

Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.

 

Vi ønskjer oss ferievikarar som:

- har gode samarbeidsevner og er rause og inkluderande

- som har evne til å arbeide sjølvstendig

- har god arbeidskapasitet

 

 

 

 

Vi tilbyr:

- opplæring og rettleiing

- ordinære kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff

- godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer