Bedrift
Haram kommuneSøknadsfrist
20.10.2019Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6264, TENNFJORD
ÅLESUND
Antall stillinger
1karriere-kode
2184685Se her for andre jobber fra Haram kommune
- Oppdatert 16.10.2019
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Haram kommune
FASTLEGELISTE VED TENNFJORD LEGEKONTOR
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
`
HARAM KOMMUNE HAR LEDIG FASTLEGELISTE FRÅ 01.03.20.
Den ledige lista er ved Tennfjord legekontor, og er godt innarbeidd av fastlege som har vore i praksisen over lang tid. Det er 1000 innbyggarar på lista, og over hundre på venteliste Lokala er nye og moderne, samlokalisert med fysioterapeut og kiropraktor. Kontoret er godt utstyrt, journalsystem er System X.
Det er 10 fastlegar og 1 turnuslege i kommunen; 1 ved Tennfjord legekontor, 3 ved Vatne legekontor, 4 + 1 turnuslege ved Brattvåg legekontor samt 2 fastlegar ved Haramsøy legekontor. I tillegg kommuneoverlegestilling i interkommunal ordning.
Driftsforma i dag er eit AS, den nye legen vil kunne kjøpe seg inn eller eventuelt inngå leiegavtale. Legen blir ansvarleg for drifta av legekontoret.
Lista har per i dag ikkje offentleg legearbeid, men kan tilleggast inntil 7,5 t/v.
Kommunen har interkommunal legevaktsordning frå kl 15 – 08, med legevakt lokalisert i nye lokale rett ved sjukehuset i Ålesund (kort reiseveg frå legekontoret). Om lag 25-delt vakt på ettermiddag/helg og om lag 40-delt vakt på natt. Vi har bruk for ein lege som kan ta del i legevaktsordninga.
Vi vektlegg at du har godkjend utdanning som spesialist i allmennmedisin, eventuelt er under spesialisering, gode evner i norsk munnleg og skriftleg, positiv innstilling og fagleg engasjement som gjer deg eigna til jobben. Kommunen vil etter avtale tilrettelegge for fullføring av spesialisering.
Tildeling og overtaking skjer på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover og avtaleverk. (”Goodwill”).
Politiattest av nyare dato må leggast fram.
Oppstart kan avtalast tidlegare dersom ønskeleg.
- Kurativt arbeid som fastlege
- Helsefremmende arbeid og tverrfagleg samarbeid
- Offentlige legeoppgåver kan bli tilplikta med inntil 7,5 time pr veke etter nærare avtale med kollegar og kommunen.
- Haram kommune inngår i interkommunal legevakt på kveld, natt og helg, denne held til like ved sjukehuset i Ålesund, legane deltar i vaktordninga. Om lag 25-delt vakt på ettermiddag/helg og om lag 40-delt vakt på natt.
- Daglegevakt for sine pasientar ved det einskilde legekontor.
- Søkjar må har norsk autorisasjon
- Være spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering LIS 3. Del 1 av utdanningsløpet, eller tilsvarande, bør være gjennomført og godkjend
- Må beherske norsk språk godt, både munnleg og skriftleg
- God kunnskap til norsk lovverk
- Relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt
- Ønskjeleg med sjølvstendig vaktkompetanse
- Må legge fram politi- og tuberkulinattestasojn av nyare dato
- Må ha sertifikat klasse B og kunne disponere bil
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og gode samarbeidsevne i tillegg til faglege kvalifikasjonar.
- Gode lokale
- Eit triveleg, tverrfagleg og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Tildeling av heimel og overtaking av praksis skjer på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover og avtaleverk
Bedrift
Haram kommuneSøknadsfrist
20.10.2019Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6264, TENNFJORD
ÅLESUND
Antall stillinger
1karriere-kode
2184685Se her for andre jobber fra Haram kommune
- Oppdatert 16.10.2019