• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    15.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Varierande arbeidstid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3983388
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 15.07.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Fastlegeheimel ved Ål Legekontor

Offentlig forvaltning

Har du lyst å bli fastlege med spanande og utviklande oppgåver? Trivs du med akuttmedisin og ein travel kvardag? Ønskjer du å bruke tida di på legearbeid og at andre utfører dei administrative oppgåvene?

Då treng me deg i vår ledige fastlegeheimel ved Ål Legekontor.

Me kan tilby eit solid fagmiljø ved Ål Legekontor, som er samlokalisert med Hallingdal sjukestugu, prehospitale tenester med luftambulanse og Ål Helsesenter. Det er nye lokalar som er godt tilrettelagt for legepraksis, med eige laboratorie/undersøkingsrom. Kontoret er velutstyrt med bla digitalt røntgen, ultralyd og legevaktsbil med akuttmedisinsk utstyr. Det er eigne lokalar for legevakt, og det er turnus mellom fastlegane om vakt på daglegevakt.

Legane ved Ål Legekontor har ei gunstig fastlegeavtale der legane leiger kontor, personell og utstyr frå kommunane. Legekontoret har for tida sjukepleiarar i alle medarbeidarstillingar. Legane i Ål Kommune driv privat praksis i eit samla kommunalt legekontor med 7 legar pluss LIS 1 lege. Det er etter nærare avtale mogeleg å knytte heimelen både til fast løn og til privat praksis.

Det vert arbeidd med å få etablert utdanningsstilling for allmennlegar i Hallingdal, dette i samarbeid med Hallingdal Sjukestugu. Ål Kommune er registrert som utdanningsverksemd, har rettleiar for LIS 2 og 3 i legekollegiet, og vil legge til rette for oppfølging av utdanningsplan i spesialistutdanning til spesialist i allmennmedisin.

Det er i dag legevaktsamarbeid med nabokommunen Hol, og felles nattlegevakt for Hallingdal med base på Ål, og med Ål som driftsansvarleg kommune.

På vanleg måte kan fastlegane tilpliktast inntil 20% offentleg legearbeid. Fordeling på dei ulike oppgåvene skjer i samarbeid mellom legane og kommunen.

Heimelen har pr i dag listetak på 600 pasientar, men dette kan forhandlast om dersom det er ønskjeleg med høgare listetal. I kommunen tilsvarar 810 pasientar ei full liste.

Kvalifikasjonar

  • lege med norsk autorisasjon
  • spesialist i allmennmedisin, eventuelt under spesialistutdanning
  • god norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
  • det er ynskjelig med sjølvstendig vaktkompetanse

Personlege eigenskapar

  • gode samarbeidsevner med kollegaer og medarbeidarar
  • gode kommunikasjonsevner med pasientar, pårørande og samarbeidspartar
  • personleg eigna som fastlege og som kollega
  • det vert lagt vekt på fagleg dyktigheit, evne til å ta sjølvstendig ansvar og vilje til fleksibilitet
  • interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid og vilje til tverrfagleg samarbeid 

Søkjar må slutte seg til interne arbeidsavtaler ved kontoret på lik linje med dei andre legane.

 Politiattest

I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg vise fram godkjent politiattest, som er nyare enn 3 månader ved tilsetting.

 Me tilbyr

  • triveleg arbeidsmiljø med motiverte og kompetente medarbeidarar
  • tilrettelegging for spesialiseringsløp i allmennmedisin
  • godt tverrfagleg samarbeid i kommunen og i regionen
  • full barnehagedekning i kommunen
  • hjelp til å skaffe bustad

 Send søknad

Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken "Ledige stillingar".

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i såfall få varsel om.

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    15.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Varierande arbeidstid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3983388
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 15.07.2021