Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
18.04.2021Stillingsfunksjon
HelsepersonellAnsettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
MasterArbeidserfaring
ØnskeligØnsket Språk
norskAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3711365Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 09.04.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Ål Kommune
Fastlegeheimel Ål legekontor
Offentlige tjenester og forvaltning
Ål kommune er en utviklingsorientert arbeidsgiver for 650 engasjerte medarbeidere som er opptatt av å gi tjenester av høy kvalitet til alle innbyggere, unge som gamle. Ål kommune er rangert blant de 10 beste norske kommuner i UNICEFs rapport om kvaliteten i barns oppvekst- og levekår. Ål kommune fokuserer på stadig bedre læring, tverrfaglig arbeid i kompetente fagmiljø og digitalisering av Ål kommune sitt pedagogiske tilbod. Helse- og omsorgssektoren er ein fagleg sterk og utviklingsorientert sektor, som driv spennande prosjekt med dagsaktuelle tema i fokus, som velferdsteknologi, aldersvennlige samfunn og ferdighetstrening for autorisert helsepersonell. Ål er kåra som ein av dei beste kulturkommunene i landet, kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal.
Fastlegeheimel ved Ål legekontor
Har du lyst å bli fastlege med spanande og utviklande oppgåver? Trivs du med akuttmedisin og ein travel kvardag? Ønskjer du å bruke tida di på legearbeid og at andre utfører dei administrative oppgåvene? Då treng me deg i vår ledige fastlegeheimel ved Ål Legekontor.
Vi kan tilby eit solid fagmiljø ved Ål legekontor, som er samlokalisert med Hallingdal sjukestugu, prehospitale tenester med luftambulanse og Ål Helsesenter. Det er nye lokalar som er godt tilrettelagt for legepraksis, med eige laboratorie/undersøkingsrom. Kontoret er velutstyrt med bla digitalt røntgen, ultralyd og legevaktsbil med akuttmedisinsk utstyr. Det er eigne lokalar for legevakt, og det er turnus mellom fastlegane om vakt på daglegevakt. Legane ved Ål Legekontor har ei gunstig fastlegeavtale der legane leiger kontor, personell og utstyr frå kommunane. Legekontoret har for tida sjukepleiarar i alle medarbeidarstillingar
Legane i Ål Kommune driv privat praksis i eit samla kommunalt legekontor med 7 legar pluss LIS 1 lege. Det er etter nærare avtale mogeleg å knytte heimelen både til fast løn og til privat praksis.
Det vert arbeidd med å få etablert utdanningsstilling for allmennlegar i Hallingdal, dette i samarbeid med Hallingdal Sjukestugu. Ål Kommune er registrert som utdanningsverksemd, har rettleiar for LIS 2 og 3 i legekollegiet, og vil legge til rette for oppfølging av utdanningsplan i spesialistutdanning til spesialist i allmennmedisin.
Det er i dag legevaktsamarbeid med nabokommunen Hol, og felles nattlegevakt for Hallingdal med base på Ål, og med Ål som driftsansvarleg kommune.
På vanleg måte kan fastlegane tilpliktast inntil 20% offentleg legearbeid. Fordeling på dei ulike oppgåvene skjer i samarbeid mellom legane og kommunen.
Heimelen har pr i dag listetak på 600 pasientar, men dette kan forhandlast om dersom det er ønskjeleg med høgare listetal. I kommunen tilsvarar 810 pasientar ei full liste.
Kvalifikasjonar
- lege med norsk autorisasjon
- spesialist i allmennmedisin, eventuelt under spesialistutdanning
- god norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
- det er ynskjelig med sjølvstendig vaktkompetanse
Personlege eigenskapar
- gode samarbeidsevner med kollegaer og medarbeidarar
- gode kommunikasjonsevner med pasientar, pårørande og samarbeidspartar
- personleg eigna som fastlege og som kollega
- det vert lagt vekt på fagleg dyktigheit, evne til å ta sjølvstendig ansvar og vilje til fleksibilitet
- interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid og vilje til tverrfagleg samarbeid
Søkar må slutte seg til interne arbeidsavtaler ved kontoret på lik linje med dei andre legane.
Politiattest
I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg vise fram godkjent politiattest, som er nyare enn 3
månader ved tilsetting.
Me tilbyr
- triveleg arbeidsmiljø med motiverte og kompetente medarbeidarar
- tilrettelegging for spesialiseringsløp i allmennmedisin
- godt tverrfagleg samarbeid i kommunen og i regionen
- full barnehagedekning i kommunen
- hjelp til å skaffe bustad
Send søknad
Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar".
Ta med kopi av vitnemål og attestar ved eventuelt intervju.
Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan
opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette
vil du i såfall få varsel om.
Søknadsfrist 18. april 2021
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
18.04.2021Stillingsfunksjon
HelsepersonellAnsettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
MasterArbeidserfaring
ØnskeligØnsket Språk
norskAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3711365Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 09.04.2021