Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
20.03.2021Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3511837Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 05.03.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sunnfjord kommune
Fastlegeheimel
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sunnfjord kommune har 4 legesenter med Skei, Naustdal, Sande og Førde som lokasjonar.
Vi har ledig 2 fastlegeheimlar:- Fastlegeheimel ledig frå 20.06.2021 ved Sande legekontor.
På Sande jobbar 4 fastlegar og ein LIS1 –lege. Det er 3 årsverk hjelpepersonell på legekontoret. Det er 1000 pasientar på denne lista. Ein må rekne med inntil 7,5 timar kommunalt arbeid per veke og vi kan legge til rette for ei større kommunal bistilling om ein ynskjer dette. Det er ingen kostnader knytt til oppstart i heimelen.
2. Fastlegeheimel ledig frå 01.05.2021 ved Førde legesenter.
I Førde jobbar 15 fastlegar. Det er 10.5 årsverk hjelpepersonell på legesenteret. Fastlegane har felles gruppepraksis i nye lokale og er sjølvstendig næringsdrivande. Det er 550 pasientar på denne lista og det er eit listetak på 1000 pasientar. Ein må rekne med inntil 7,5 timar kommunalt arbeid per veke og vi kan legge til rette for ei større kommunal bistilling medan ein aukar lista. Det er ingen kostnader knytt til oppstart i heimelen.
Dei fleste fastlegane jobbar som sjølvstendig næringsdrivande. Vi kan tilby fastlønsavtale i begge heimlane. Vi er stolte av eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og hjelpepersonell. Vi nyttar per no Infodoc på legekontoret på Sande medan vi nyttar System X som journalsystem på legesenteret i Førde
Kommunen deltek i eit interkommunalt legevaktsamarbeid med 5 kommunar. Legevakta ligg i eigne, nye lokale ved sjukehuset og har ansvar for legevakt, KAD-senger og legevaktsentral. Legevakta er fullt bemanna med hjelpepersonell heile døgnet og det er til ei kvar tid to legar til stades på vakt. Begge er fastløna med gode vilkår i 22-delt vakt.
Krav til søkar:- spesialist i allmenn medisin
- gode samarbeidsevner
- gode norskkunnskapar både munnleg og skrifteleg
- politiattest må leggast fram ved tilsetjing
Personleg eigenskapar som gode kommunikasjons- og samarbeidsevner vert vektlegt.
Du må søke elektronisk.
Velkommen som søkar!
Arbeidsstad:
Sande legekontor, Førdevegen 17, 6973 Sande
Førde legesenter, Langebruvegen 28, 6802 Førde
Kontaktpersonar:
Knut Erik Folland (einingsleiar) mobil 91882662
kef@sunnfjord.kommune.no
Kjetil Hatteland (medisinsk fagleg ansvarleg lege på Sande) mobil 95922788
kjetil.hatteland@sunnfjord.kommune.no
Sissel Leth-Olsen (medisinsk fagleg ansvarleg lege i Førde) mobil 48027693
Sissel.Leth-Olsen@sunnfjord.kommune.n
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
20.03.2021Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3511837Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 05.03.2021