Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Surnadal kommune

Fastlegeheimel

Politi, brann og toll

Surnadal kommune har ledig fastlegeheimel med eit listetak på 1050 pasientar.

Kommunen har tilsaman seks fastlegeheimlar og ein LIS1 lokalisert ved Surnadal legesenter. Legesenteret blir drive som ei DA, har fine funksjonelle lokale i sentrum og har tilknytt hjelpepersonell.

Det er ingen krav om å kjøpe seg inn på senteret eller betale for heimelen. Perfekt for å prøve ut livet som fastlege i ei bygd med flott natur og eit rikt kulturliv utan å måtte kjøpe heimelen.
Som fastlege kan ein arbeide som sjølvstendig næringsdrivande etter ein såkalla “nullavtale” (ASA 4310 pkt.8.2) eller som fastlønna lege.

Arbeidsoppgåver
Surnadal kommune deltek i interkommunal legevaktordning lokalisert ved St. Olavs hospital , Orkdal sjukehus. Ein må rekne med 1-2 vakter i månaden, samt legevakt på dagtid ved Surnadal legesenter ca. ein dag pr. veke.

Kvalifikasjonar
Søkjar må vere spesialist i allmennmedisin. Ikkje-spesialistar som er godkjent allmennlege, kan søkje dersom kriteria om overgangsordningar omtalt i «Forskrift om spesialistutdanning og spesialistgodkjenning for leger og tannleger (spesialistforskriften)» er til stades. Norsk autorisasjon som lege, rekvisisjonsrett , refusjonsrett frå Helfo og norskkunnskapar på eit høgt nivå er påkravd.
Søkjarar som har fullført LIS1, og som ikkje har starta spesialisering i allmennmedisin, må forplikte seg til å starte spesialisering snarast. Kommunen vil vere med å legge forholda til rette for at spesialisering kan gjennomførast.

Tilsettingsvilkår
Tilsetting av fastlegeheimel skjer etter dei vilkåra som til ei kvar tid går fram av gjeldande lov- og avtaleverk (ASA 4130). Kommunen si tildeling av avtaleheimel er enkeltvedtak etter Forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b. Vedtak blir fatta av kommunen.

Det blir kravd politiattest av den tilsette og attesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

Søknader blir vurdert fortløpande.
 
Tiltreding etter avtale.

Vi tilbyr
Gode arbeidsforhold med fine lokale og trivelege arbeidskollegaer, flyttegodtgjering i medhald av kommunen sin personalplan.
Vi kan hjelpe til med å skaffe bustad. Det er god barnehagedekning i kommunen.


Søknad skal sendast på epost til: post@surnadal.kommune.no
 
 
Kontaktpersoner
 
Navn: Gunhild Eidsli
Tittel: ass. Kommunedirektør/kommunalsjef
Telefon: 97174856
 
Navn: Gunn Inger Bredesen
Tittel: Einingsleiar Helse og familie
Telefon: 48122549
 
Navn: Birgitte Sæther Moen
Tittel: Fastlege
Telefon: 71657800/90126507
E-post:  birgitte.moen@surnadal.nhn.no
 
 
Hjemmeside
 
 
Arbeidssted
Surnadal legesenter DA
Moavegen 29
6650 SURNADAL