• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    10.02.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3383029
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 20.01.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gol kommune

Fastlege ved kommunelegekontoret på Gol

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ved kommunelegekontoret på Gol er det ledig ei fast 100% stilling som fastlege frå 01.04.2021. Kontoret har 6 faste legar, 1 LIS1 -lege og 6 medhjelparar.

Stillinga er fastlønna. Det er 720 innbyggjarar på fastlegelista. Til stillinga ligg 1 dag som tilsynslege på sjukeheimen.

Til stillinga ligg også deltaking i Ø-hjelp på dagtid og full legevakt. Det er legevaktsamarbeid, 8-delt vakt, med Hemsedal på kveld, helg og høgtid. For nattlegevakt er det interkommunalt samarbeid med base i nabokommunen Ål.

Ynskjer du eit spennande og variert legeliv og med gode samarbeidpartnerar, er dette ein god arbeidplass. Kontoret er velutstyrt med mykje moderne utstyr, blant anna digitalt røntgenutstyr og ultralyd.

Arbeidsoppgåver:
• Fastlege for 720 innbyggjarar
• Tilsynslege sjukeheim
• Ø-hjelp på dagtid
• Legevakt

Kvalifikasjonar:
• Lege med norsk autorisasjon
• Gjennomført LIS1
• Spesialist i allmennmedisin eller under utdanning som spesialist i allmennmedisin
• Gode norsk-kunnskapar, både munnleg og skriftleg
• Førarkort for bil

Vi søkjer (personlege eigenskaper):
• Gode fagkunnskapar
• Evne til å jobbe sjølvstendig og ta ansvar
• God kommunikasjonsevne med pasientar
• Evne til samarbeid med kollegaer og ønske om å dele med andre
• Interesse for fagutvikling og tverrfagleg samarbeid

Vi tilbyr:
• Eit godt arbeidsmiljø i trivelege lokale
• Kollegial støtte
• Varierte arbeidsoppgåver
• Tverrfagleg samarbeid

For stillinga gjeld:
• Lønn etter avtale

Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal blir offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden din. 

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernreglane og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
• Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett
e-postadresse i søknaden.

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    10.02.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3383029
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 20.01.2021