• Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    06.10.2022
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4780487
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune
  • Oppdatert 23.09.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hå kommune

Fastlege

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ein av fastlegane ved Varhaug helsesenter skal over i fulltids forskarstilling og me har difor ledig stilling som fastlege ved Varhaug helsesenter frå 01.01.22 eller etter avtale.

Kommunen arbeider med å leggja til rette for ytterlegare fastlegestillingar så om du tenkjer det er aktuelt å testa ut fastlegeyrket som vikar må du gjerne søkja her og skriva dette.
Den ledige fastlegehjemmelen for tida ikkje er tilknytta fast kommunal oppgåve.

Hå kommune har 20 kommunale fastlegeheimlar fordelt på tre legekontor. Me har gode ordningar for utdanning og rettleiing, stor trivsel og eit godt tverrfagleg samarbeid i ein framoverlent organisasjon. 1. juni 2022 gjekk me inn i interkommunalt legevaktsamarbeid.
Hjå oss slepp du å ta ansvar for drift av legekontoret, finna din eigen vikar og me er gode til å finna løysninger dersom du treng ein dag fri.

Kvalifikasjonar

  • gjennomført Lis 1
  • god kunnskap om norsk lovverk

Personlege eigenskapar

  • interesse for allmennmedisin
  • evne til å arbeida sjølvstendig og i samarbeid med andre

Personlege eigenskapar og lokal tilknytning vert vektlagt.

Attestar og vitnemål
Me ber om at du lastar opp attestar og vitnemål (pdf) digitalt saman med søknaden din.

Politiattest
Politiattest nyare enn tre månadar må leverast før start i stilling.

Tilsetjingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månadar og reglar for flyttegodtgjersle.

 

  • Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    06.10.2022
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4780487
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune
  • Oppdatert 23.09.2022