Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vestnes kommune

Fastlegar

Offentlig forvaltning

Vestnes kommune søker to nye fastlegar til vårt legesenter.

Vi har hatt ei ubesett liste som vi no vel å dele i to heimlar med listetak på 800 pasientar. Vi utvidar dermed legestaben frå dagens 6 fastlegar til 8 fastlegar. I tillegg har vi LIS-lege.

Søkar kan sjølv velje mellom ALIS eller sjølvstendig næringsdrivande. Vestnes kommune legg til rette for spesialistudanning innan allmennmedisin. Kommunen har nyleg søkt om å bli utdanningsinstitusjon og har eit samarbeid med ALIS Midt-Norge.

Legesenteret er kommunalt drive, med 0-avtale mellom legane og kommunen. Etter forhandlingar våren 2020 ble husleiga fastlagt slik at det såkalla «knekkpunkttillegget» tilkom legen som kompensasjon for økt arbeidsbelastning. Det er ingen investeringskostnad eller listekjøp tilknytta stillingane. Det er svært gode innteningsmoglegheiter.

Legesenteret har nyleg flytta inn i nye lokaler i Helsehuset Stella Maris i april 2021. Her er vi samlokalisert med bibliotek, sjukeheim, HBO, tenestekontor og kafé. Senteret er bemanna med 6 hjelpepersonell dagleg, inkludert eigen bioingeniør. Hjelpepersonell har høg fagleg kompetanse og innehar mykje erfaring, særleg innan sårstell. Vi opplever at arbeidsmiljøet vårt er godt, både mellom legane, og mellom hjelpepersonell. Vi har fokus på ein flat struktur og ei «open dør» for fagleg rådgiving legane imellom. I tillegg har vi felles personalmøte kvar fredag og vi har internundervisning 2 dagar per månad. Internundervisninga blir innmeldt som deltaking i smågruppe. Legar som startar utdanningsløp innan spesialisering i Allmennmedisin vil få tildelt rettleiar med vekentleg rettleiing (øvrige kollegaer stiller opp som supervisorar) og det vil bli sett av tid til kurs med inntil 10 kursdagar per år. Kursavgift blir kompensert av kommunen. 

Stillingane kan tilknyttast kommunale oppgåver på inntil 7,5 timer/veke. Dei fleste legane har 3-3,5 kurative dagar per veke med eigen dag sett av til papirarbeid.

Vestnes kommune har vaktsamarbeid med nabokommunar på ettermiddag og helg, og med Ålesund kommune på natt. Vaktbelastninga er 12-14 delt på interkommunal legevakt på ettermiddag/helg med responstid 30 min. Legevakta ligg på Sjøholt i Ålesund kommune og det blir nytta vaktbil til og frå legevakta. På natt er ein pålagt minimum 5 fastlønna nattevakter per år ved interkommunal legevakt i Ålesund. Leger som ikkje har sjølvstendig vaktkompetanse ihht. norske retningsliner vil få tildelt bakvakt.

Vestnes legesenter har dei siste åra hatt fokus på godt samarbeid med kommunen om betring av arbeidsvilkåra for fastlegane og for utarbeiding av ein god rammeavtale. Vi tilbyr bl.a rett til barnehageplass utanom hovudopptaket i kommunen og hjelp til anskaffing av bustad.

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk, evt. etter avtale. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkarar blir innkalla til samtale eller intervju.

Referansar
Oppgi referansar

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må difor takast med til intervju. 

Søkarlista kan bli offentleggjort.