Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
24.10.2021Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4140299Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 07.10.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Ål Kommune
Fast stilling som sjukepleiar ved Ål Legeteneste og legevakt
Offentlig forvaltning
Har du erfaring frå laboratoriearbeid og akuttmedisin? Har du motivasjon og interesse for fagfeltet, og trivs med ein travel kvardag?
Me søkjer deg som kan ta i eit tak når det er nødvendig, og beheld roen når det skjer mange ting på ein gong.
Ved avdeling legetenester / øvre Hallingdal legevakt / Hallingdal legevaktsentral er det ledig en 75% stilling og en 100 % fast stilling som sjukepleiar i 3-delt turnus. Stillingane er ledige frå 01.01.2022.
Me kan tilby eit solid fagmiljø ved avdeling Legetenester, som er lokalisert i same bygnad som Hallingdal Sjukestugu, prehospitale tenester med luftambulanse og Ål Helsesenter. Det er nye vel utstyrte lokalar som er godt tilrettelagt med eige laboratorie/undersøkingsrom og eigne lokalar for legevakt. I 2022 har me eit prøveprosjekt med langvakter i helg, med arbeid kvar 4. helg. Legekontoret har for tida sjukepleiarar i alle medarbeidarstillingar. Det er i dag legevaktsamarbeid med nabokommunen Hol, og felles nattlegevakt for Hallingdal med base på Ål, og med Ål som driftsansvarleg kommune.
Arbeidsoppgåver
- handtere førespurnader og vurdere hastegrad frå innbyggjarar og gjester i Ål kommune, som treng medisinsk hjelp
- samhandle og assistere med legevaktslege for å sikre trygge pasientforløp.
- prøvetaking og analysering
- gje relevant råd og rettleiing til pasientar
- medikamenthandtering
- bidra til å utføre relevante driftsoppgaver ved Ål Legekontor
- bemanne teststasjon for covid 19 ved Ål Legekontor
- ansvar for Hallingdal Legevaktsentral og alle førespurnader på 116117 i Hallingdal, og er medhjelpar til lege ved behov for assistanse.
Kvalifikasjonar
- bachelor i sjukepleie eller paramedic
- gode norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- erfaring frå arbeid ved legekontor og/eller legevakt blir tillagt vekt
- sertifikat kl B
- Personlege eigenskapar
- du må kunne jobbe sjølvstendig, vere løysningsorientert, samt evne å ta raske beslutningar
- du bør takle eit høgt arbeidstempo og periodevis et høyt stress nivå
- du må vere samarbeidsvillig, fleksibel og takle omstilling
Personlege eigenskapar blir tillagt vekt
Me tilbyr
- Årsturnus
- prøveprosjekt i 2022 med langvakter i helg, 4. kvar helg.
- fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver, der få dager er like
- høgt fagleg nivå og god fagdekking
- høve til fagleg og personleg utvikling
- internundervisning og faglig påfyll
- full barnehagedekning i kommunen
- hjelp til å skaffe bustad
- lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk, samt rekrutteringstillegg
- pensjonsordning i KLP
Politiattest
I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg vise fram godkjent politiattest, som er nyare enn 3 månader ved tilsetting.
Send søknad
Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken "Ledige stillingar".
Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt i søknaden.
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
24.10.2021Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4140299Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 07.10.2021