• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    06.10.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3173887
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 22.09.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Fast stilling og 50 000 i rekrutteringstillegg!

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig ei 100 % fast stilling som sjukepleiar ved Manger heimeteneste frå snarast råd. Stillinga er 35,5 t/v i todelt turnus, med arbeid kvar 3. helg med tilbod om rekrutteringstillegg mot bindingstid. 2 år bindingstid mot kr 50.000,- i rekrutteringstillegg som blir utbetalt ved oppstart. 

Om Manger heimeteneste

Manger heimeteneste har base på Manger og gjev tenester til brukarar som bur på Radøy. Heimetenesta har sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, vernepleiarar og assistentar. Manger heimeteneste kan tilby eit godt og stimulerande arbeidsmiljø. Vi er ei avdeling i stadig utvikling og har eit felles fokus på gode tenester.

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Tenestene femnar m.a. om heimesjukepleie, heimehjelp, middagslevering og administrasjon av medisinar. Det er krav om at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta. 

Kompetanse

  • Autorisert sjukepleiar
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du er inspirerande og engasjert i faget.
  • Du kan prioritera i ein travel kvardag, og trivst både med å arbeide sjølvstendig og som del av eit team
  • Du har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag
  • Du er fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
  • Du er løysingsorientert og fleksibel

Vi tilbyr

  • Dyktige kollegaer og høg kompetanse
  • Fagleg utvikling
  • Humor og humør
  • Tilsetjing i samsvar med gjelande lov- og avtaleverk
  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • God pensjonsordning

Politiattest

I tråd med helsepersonellova vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    06.10.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3173887
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 22.09.2020